Andakt: Sommarfuglkrefter

Den såkalla ”sommarfugleffekten” vart fyrste gong lansert til stor forundring og jubel. Små ting kan gjere stor forskjell! Teorien har vist seg å ikkje tåle verken storm eller vatn innan værmelding. Men ”sommarfugleffekten” kan gje glimt av håp om at det nytter, at sjølv ei så lita rørsle som eit vengeslag av ei sommarfugl, kan bety mykje.

Andakten er skriven av Margit Lovise Holte til Ten Sing-bladet 02/2010  

Du er kanskje ein person som er med i eit lokalt ungdomsarbeid. Eller du er ein av dei som bruker tid og energi på å skape ein møtestad for, av og med ungdom. Kanskje går det fort og heftig, ellerkanskje går det tregt og er kjedelig. 

Det skjer alltid noko. Om det er så lite som eit vengeslag av ein sommarfugl, så kan eit lite smil, eit medfølande blikk eller ei oppmuntring være det som skal til for våre medmennesker. Vi kan tenke stort om små ting, og at småting kan få store konsekvenser. For i våre fellesskap er det sterke krefter i sving. Gode krefter fra den oppstandne Jesus Kristus.

Sommerfuglen er av dei eldste symbola på at Jesus Kristus lever og er sterkare enn døden. Sommarfugl-kreftene får vi mennesker del i når blir døypt. Og det kaller oss til å leve og tenke stort og vakkert. Sommarfuglen er i utgangspunktet ein larve som kryper rundt på bakken, èt det meste den kjem over, er slimete og ikkje spesielt vakker. På eit tidspunkt stopper larven opp, vever seg inn i ein kapsel og er som død. Men ein dag sprekk kapselen og ut kjem det ein skapning med vakre venger som kan fly!

Nokre gonger er vi flygande, vakre og stolte. Andre gonger som grå, slimete larvar som kravler rundt fastlåst av tyngdekrafta, klagande på alt og alle. I perioder i livet kan ein stoppe heilt opp, eller at ein vert stoppa av andre, slik at ein ”kryp inn i skalet” og vært begrensa. Likevel er forvandlinga mogleg. Fordi vi lever i Gud. Så flyg høgt! Flyg stolt!

Bøn:

Gud, gje oss å sjå det store i dei små tinga vi gjer. 

Gud, hjelp oss så ha tru på kvarandre, slik du har tru på oss. 

Jesus, la oss leve i dine forvandlande krefter,

i tillit til at du vil gode ting med våre liv og nærer vår tru og vår kjærleik:

Pust din Ande i våre auge, vårt hjerte og vår kropp.

God bibeltekst å lese:

2. Korinterbrev kapittel 4, vers 1-15

Fin song å høyre på:

Den prektigkledde sommerfugl

Øvelse: 

Leik at du er ein larve som kryp, kapslar seg inn og til slutt sprett ut med vengene og flyg.

Kjenn på krafta!