Andakt: I dag er ein frelsar fødd

Andakta I dag er ein frelsar fødd er knytta til sangen Strålende skinnende jul.

OM ANDAKTEN "I dag er ein frelsar fødd"

Andakten under er skrevet til sangen Strålende skinnende jul , en av sangene i notepakka for tweens 2014/15. Det er skrevet andakter til fire andre sanger i notepakken også. Andaktene kan leses slik de er, eller brukes som inspirasjon for å si noe om tematikken i den aktuelle sangen. Noen av forfatterne har valgt å foreslå en bønn eller en aktivitet som kan gjøres i tillegg. Etter andaktsteksten finner dere lenker til forslag til to alternative kveldsliturgier Den første er ment å bruke sammen med en bibeltekst eller andakt, mens den andre er en kortere versjon som lett kan tas i bruk uten annen forberedelse.

Lykke til med tweensarbeidet!

--

Tips til korleis nytte denne andakta

Det ligg godt til rette at ein kan dele på å framføre/lese denne andakta. Ein kan dele det på tre personar. Det kan óg vere fint å tenne eit lys før ein tek til på andakta – gjerne eit litt stort lys sidan forteljinga handlar om eit sterkt lys.

1: les det som engelen seier (fet kursiv)

2: les den øvrige bibelteksen (kursiv)

3: les øvrig tekst i andakta

--

Då gjetarane på marka fekk sjå lyset og engelen, kva sa dei då? «Yes, endeleg – dette har vi venta på!» Nei, først var dei livredde. «Kva er det som skjer?» Og kva sa så engelen til dei?

Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!»

For ei oppleving for desse gjetarane. Først eit sterkt lys som skremde dei. Så kjem ein engel som seier dei ikkje skal vere redde. Så bodskapen om at ein frelsar er fødd. Dei har i alle dagar ikkje tenkt at dei skulle få vite det på denne måten. Av eit lys. Ein engel ute på marka. Og sjølv om dei har blitt fortalt gong på gong at Messias skulle kome, så kom dette brått på. Dei vart heilt mållause. Før dei hadde fått summa seg var der ein himmelhær med englar. Dei lova Gud og song. Wow! For ei oppleving. Sterkt lys, så ein engel, så bodskap om Messias og så til slutt eit englekor. Gjetarane vart både mållause, skremde og glade. Kvifor skjedde dette her ute på beitemarka? Det hadde vel vore meir naturleg å få vite det i tempelet.

Dette lyset og denne bodskapen og denne gleda kjem til oss i dag også. Det er dette lyset, denne engelen sine ord og englekoret som er grunnlag for vår julefeiring.

Og grunnlag for songen «Strålende, skinnende jul».

Det strålar av lys og englar, og det strålar av bodskapen. Engelen fortalde det til oss og vi skal fortelje det vidare, dei same orda. For kva gjorde gjetarane etterpå? Sa dei: «Ja, ja det var jo artig. Lat oss halde fram som før. Passe sauene som før. Kan jo ikkje seie det til nokon, vil nokon tru oss? Vi berre blir her som før.» Nei, dei lytta til engelen og sette i veg mot Betlehem. Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre:

«Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

Englane fortalde til gjetarane. Gjetarane fortalde vidare det dei hadde høyrt. Og vi skal også få lov til å fortelje vidare. Når vi tenner lyset i jula så skal det nettopp minne oss om dette lyset på Betlehemsmarka. Gud tende lyset denne natta for å fortelje at ein frelsar er fødd. Det kan vi også gjere. Vi tenner dette lyset i vår mørkaste tid på året. Det gjer at lyset når lenger og vert meir tydeleg. Det er det jula handlar om. At den strålande julebodskapen kan lyse opp ein kald nattehimmel i desember også dette året. Slik at fleire kan, som gjetarane, ta imot denne unike bodskapen.

Bøn:

Kjære Gud

Takk for at du tende lyset denne Betlehemsnatta og sende engelen for å fortelje gjetarane om at Messias, Jesusbarnet, vart fødd i ei krubbe. Takk at du viste gjetarane dette. Takk at gjetarane trudde dette og ville sjå Jesusbarnet og lovprise han. Hjelp oss å ta imot dette og tru på det. Hjelp oss til å tenne små og store Betlehemslys til minne om denne natta, då det store underet skjedde. Hjelp oss så den strålande bodskapen kan stråle for alle menneske!

Amen

FORSLAG TIL KVELDSLITURGI

Gå til Kveldsliturgi for tweens 2014/15 alternativ 1

Gå til Kveldsliturgi for tweens 2014/15 alternativ 2