Barnefestivalen Sogn og Fjordane 2017

Barnefestivalen Sogn og Fjordane 2017

Velkomen til Barnefestival i Førde laurdag 11. mars! I år skal vi prøve noko heilt nytt! Vi skal nemlig øve inn og framføre ein MUSIKAL - KFUK-KFUMs musikal Ingenting men alt - som handlar om tru, von og kjærleik i ei urettferdig verd. Samstundes vert det myldretorg, klatrepark, forming og leik.

Eliane Wergeland kjem og er dirigent og saman skal vi øve på og framføre KFUK-KFUM-musikalen «Ingenting, men alt». Som tidlegare skal kvart kor få ca 15 min aleine på scena. Er de interessert i å vere med – ta kontakt med Krinskontoret. I forkant av festivalen kjem Eliane til å ta kontakt med kora og avklare og fordele songane og kva song dei ulike kora skal ha solist på. I tillegg vert det sjølvsagt myldretorg med dans, bibelknask, klatrepark, sporløp, ansiktsmaling, Kula & Myggen, mat og drikke, ballongfigurar, formingsaktivitet, bowling, teikning, hobby og ute leik Dette blir kjempe kjekt!

Når og hvor

Tid: Laurdag 11. mars

Stad: Førdehuset i Førde

KVEN KAN VERE MED? 

Alle born (uansett alder) som er med i eit barnekor. Ein kan også komme som gruppe frå kyrkjelyden. Er du ikkje med i eit kor, men er mellom 5 og 13 år og vil vere med – ta kontakt med krinskontoret.

Praktisk informasjon 

Påmelding:

Påmelding skjer til einingsleiar, som samla melder på antal born og vaksne frå koret til festivalen.

Pris :

Kr 300,- inkl. mat (medlem i KFUK-KFUM)
Kr 400,- inkl. mat ( ikkje medlem i KFUK-KFUM)
Samla innbetaling for kor til konto nr 3700 35 04426.
Hugs å merk innbetalinga med namnet på koret.

Enkeltpåmeldingar betalar inn til same konto nr. Hugs å merk innbetalinga med namnet til deltakaren.

Matkupongar (2 pizzabollar) kr 60,- for ikkje-deltakarar kan kjøpast i registreringa.

Program for dagen:

11:00 Registrering
11:30 Oppstart i kinosalen
13:00 Myldretorg/ mat
15:15 Generalprøve i kinosalen
16:00 Musikal konsert i kinosalen
17:00 Ferdig. 


"Ingenting, men alt" - komplett pakke med notar, CD og ressurshefte til kora kjøpast på KFUK-KFUM sin nettbutikk: