Vinterfestivalen på Voss 2017

Vinterfestivalen på Voss 2017

KFUK-KFUM Bjørgvin inviterer igjen til Vinterfestival på Voss. Dette blir ei helg fullspekka med scenesprell, kanonball, globalløp, show, gudsteneste, seminar, nye vennar, sang og musikk! Ta med deg sjølv, gruppa di og vennar og bli med på ei innhaldsrik og gøy helg på Voss!

Påmeldinga har opna! 

INFORMASJONSBROSJYRE OG PROGRAM

Last ned informasjonsbrosjyren her: Brosjyre_v3.pdf

Last ned festivalprogram her: Program-VF-2017.pdf

Last ned informasjonsskriv om festivalen her: 

Informasjonsskriv Vinterfestivalen 2017_web.pdf

PAKKELISTE 

  • Sovepose 
  • Liggeunderlag 
  • Toalettsaker og handduk 
  • Treningstøy (til kanonballturnering og globalløp) 
  • Bibel 
  • Utstyr til seminar og ski 
  • Det du elles treng av klede, medisin etc 
  • Varmt tøy! Det kan vere kaldt og snø på Voss i februar...

SEMINAR

Foreløpig seminarliste - det kan kome endringar:

andakt (Luther seminar) * band * boblefotball * brettspel  * dans * direksjon * drama * felleskor * foto * førstehjelp * globalseminar  (med CFC) * handelsspelet * hobby: handarbeid * hobby: perleseminar * hobby: kunst * hobby: lage handlenett * hobby: origami * menneskerettar * musikalsk leiing * showseminar * sjekkeseminar * ski alpint *  ski langrenn  * sosial miljøskapning *  Speiding * sportY * styrearbeid * teknikk (lyd, lyd, video) * Unge Vaksne 18år+ * vokal * volleyball *

Her kjem ei oversikt med seminarskildringar som forklarer kva dei ulike seminara er som du kan laste ned:  Seminarskildringar_web_060117.pdf  (Oppdatert 6.januar 2017).

skikort

For dei som ønskjer å stå på ski (alpint) kjem skikort i tillegg til festivalpass. Skikort, inkludert skibuss tur/retur Bavallen er 290 kr. 

PÅMELDING 

Påmeldinga åpnar i midten av desember og skjer i KFUK-KFUM Connect ved at ansvarleg vaksenleiar i meldar på sine deltakarar. Ingen kan melde seg på festivalen utan tilknytning til gruppe/ kyrkjelyd som deltar på festivalen. Bruk den blå påmeldingsboksen som du ser til høgre i skjermbiletet. 

Tidlegfrist for påmeldingsfrist er 20.januar. Etter dette vert festivalpasset 100 kr dyrare så framt det framleis er ledige plass. 

Siste frist for påmelding er 1.februar. 

AVMELDING 

Ved avmelding før 31.januar må ein betale 50% av deltakaravgifta. Ved avmelding etter 1.februar vil deltakaravgift kun refunderast ved framvisning av legeerklæring. 

PRiS 

MEDLEMMAR i kfuk-kfum:

Festivalpass: 750 kr + eventuell fellesreise og skikort ved påmelding før 20.januar. Etter 20.januar er prisen 850 kr.

IKKJE-MEDLEMMAR

Festivalpass: 1000 kr + eventuell fellesreise og skikort ved påmelding før 20.januar. 

Etter 20.januar er prisen 1100 kr. 

MELD DEG INN I KFUK-KFUM og få alle våre festivalar, nattcupar og leirar til medlemspris. Les meir om medlemsskapsføremonn her: http://kfuk-kfum.no/bli-med/bli-medlem 

FELLESREISE

Vi set opp fellesreisebussar frå Bergen og omegn. Pris for fellesreisa er 265 kr per person (tur/retur). Bussane køyrer ca. kl. 15:30 frå Bergen sentrum. Bussane køyrer same trase tilbake på søndagen. 

globalløp og globalmarknad 

Pengane som blir samla inn går til KFUK-KFUM sitt Globalaksjonsprosjekt som i år er KFUK Sri Lanka.

Les meir om Globalaksjonen

Globalmarknad

På globalmarknaden oppmodar vi alle grupper til å stille med eitt eller fleire innslag/ aktivitetar. 

Last ned idear til innslag på globalmaknaden her: Forslag til aktiviteter på Globalmarked.pdf

Globalløp

Før Globalløpet må du finne deg sponsorar som vil sponse deg, og fylle ut sponsorskjemaet. Sponsorane dine kan anten gi eit fast beløp uavhengig av kor langt du løper, eller eit beløp per runde du løper. Jo meir du løper, jo meir samlar du inn. Giro blir sendt ut til løparane i etterkant av løpet. Vi håper at du vil bruke kreativiteten din under globalløpet: Kven vil vel ikkje sponse nokon som skal gå i «trillebår», planke, krype, danse, slå hjul, hoppe baklengs eller hinke heile globalløpet? Vi kårar flest rundar, mest innsamla pengar og mest kreativ innslag!

Last ned informasjonsskriv som forklarar kva globalløp og globalmarknad er her:  Hva er Globalløp og Globalmarked.pdf

Last ned sponsorskjema her: Sponsorskjema for Globalløp 2017.pdf

FØLG OSS i SOSIALE MEDIer

Snapchat: vfvoss

Instagram: #vf17voss 

Facebook: facebook.com/VinterfestivalenPaaVoss

SPØRSMÅL?

Ta kontakt med kretssekretær/ dagleg leiar i KFUK-KFUM Bjørgvin Alice J. Vatnehol på 55606070/ 98667869 eller bjorgvin@kfuk-kfum.no