VinterTreff 2017 på Hareid

VinterTreff på Hareid 2017

Hareid Ten Sing inviterer alle ungdommar mellom 13 og 19 år til tidenes ungdomsfestival på Hareid helga 3.-5. februar. Tema for helga: Gods Squad!

Informasjon til alle som skal på VintertreffVT-17 informasjon til påmeldte.pdf 

Seminaroversit: Seminaroversikt VT-17.pdf

Last ned  brosjyre for arrangementet VT-17 brosjyre.pdf

Last ned informasjonsskriv VT-17 informasjon.pdf

Tema for helga:

Vi tar i mot påmeldinger nokre dagar til - så kom og bli med i squaden!

Program

Programmet er stort sett banka, og vi kan blant anna røpe at Ten Sing Norway og Communication For Change kjem! Og at Pip Wilson kjem! Og at Hareid Ten Sing skal ha collage! Og at det kjem til å bli fole kjekt! 

Dessutan blir det blant anna singspiration, turnering, ulike seminar, bibeltime, gudsteneste, nattønske og mange moglegheiter til å bli kjent med nye folk. 

Opptre for dei andre?

Alle Ten Sing-grupper og einingar som ynskjer det, skal få høve til å opptre på ei eller anna scene i løpet av helga. Vi ynskjer å få beskjed frå gruppene så fort som råd, så ta kontakt dersom de vil vise oss andre kva de har øvd på i løpet av hausten. 

VT-17 startar fredag 3. februar med registrering frå kl. 18.00 og opningsshowet begynner kl. 19.00.

Søndag 5. februar avsluttast arrangementet kl. 14.30.

Turneringar:

Det blir både volleyball- og innebandyturnering. Vi ser helst at de melder på laga samtidig som de melder på deltakarane.
Laga kan både vere blanda og reine lag. 

  • innebandy skal ha 4 personar på kvart lag + reserver 
  • volleyball skal ha 6 stk. på kvart lag + reserver. 

Påmelding:

Enkeltdeltakarar: bruk påmeldingsknappen på denne sida.

Er du med i ei gruppe? Meld deg på til din voksenleiar, som så meldar alle på samla i Connect. Einingar/grupper som ikke har tilgang til KFUK-KFUM Connect, tar kontakt med krinskontoret på moro@kfuk-kfum.no  og får tilsendt innloggingsinformasjon.

OBS! Viktig å registrere e-postadresse!

Påmeldingsfrist: 15. januar

Avmelding etter 15. januar medfører eit avmeldingsgebyr på kr 100,- per person.

Deltakarprisar:

  • Medlemmar i KFUK-KFUM (inkl. Speidarar): kr 900,-
  • Ikkje medlemmar: kr 1 000,-
  • Konfirmantar: kr 900,-
  • Leiarar (1 per 10 påmeldte deltakarar): kr 450,-
  • Søskenrabatt: kr 250,- frå søsken nr. 2

Meld deg inn i KFUK-KFUM og få ALLE våre festivalar og leirar til medlemspris samstundes som du er ulukkesforsikra på alle aktivitetane våre. Det kostar berre 150 kr for deg som er 0-15 år og 200 kr for deg som er frå 16 år og eldre.

SPONSORAR

Vi er heldige og ha med oss sponsorar som gjer det mogeleg å arrangere Vintertreff 2017. Våre hovudsponsorar er Lydkjelleren AS, Sparebanken Møre og Sunnmøre Folkehøgskule.