VinterTreff Sogn og Fjordane 2017

VinterTreff i Førde 2017

Velkommen til VinterTreff i Førde! Her blir det innebandyturnering, konsert, seminar, Singspiration, Fokustime, KrinsKrams og Ten Sing Norway kjem!!!

Fredag vert det innebandy turnering og eit forrykande kveldsprogram. Laurdagen øvar KrinsKrams, Krinskoret til KFUK-KFUM Sogn og Fjordane, og alle som ynskjer det får vere med! På føremiddagen kjem eit team frå Ten Sing Norway og skal halde seminar! Dette blir kjempe spennande! Laurdags kveld vert og storslått, for då er HEILE TenSing Norway på plass for å halde konsert. I tillegg skal dei lokale Ten Sing- gruppane få utfalde seg på scena. Søndag vert det duka for ei litt uvanleg gudsteneste der heile VinterTreffet, KrinsKrams og Ten Sing Norway bidreg. Velkommen alle som ein! 

Last nedBrosjyre VinterTreff17.pptx

Program for helga

(MED ATTERHALD OM ENDRINGAR I PROGRAMMET!)

Fredag:

19:00 Registrering og innkvartering
20:00 Opningskveld
21:15 Kveldsmat
22:30 Turnering (Innebandy)

Laurdag

08:15 Frukost
09:00 Singspiration - Fokustime 

1015 - 1130  Globalaksjonen
11:30 – 14:00 Ulike seminar med Ten Sing Norway og KrinsKrams 
14:00 – 16:00 Middag og lydprøver
16:00 – 18:00 Ulike seminar
18:00 – 19:00 Pause
19:30 Konsert Ten Sing Norway 
21:30 Hallaften
23:30 Kveldsavslutning  og Nattønske

Søndag:

09:00 Frukost
10:00 Rydding/ førebuing til gudsteneste
11:00 Gudsteneste

1230: Kyrkjekaffe og Avslutning 

PRIS OG PÅMELDING

Prisane under inkluderar mat og overnatting

  • For medlemmar i KFUK-KFUM 850 kr
  • For dei som ikkje er medlem 975 kr
  • For leiarar 600 kr

Det kostar berre 150 kr (for deg i alderen 0 tom 15 år) eller 200 kr (for deg i alderen fom 16 år) å bli medlem i KFUK-KFUM. Då får du alle våre festivalar, nattcupar og leirar til medlemspris + at du er ulukkesforsikra på alle våre aktivitetar. 

MELD DEG INN I KFUK-KFUM

SPØRSMÅL?

Kontakt programarbeidar Bente Christin Eriksen

Mobil: 91173079 

E-post: bente.christin.eriksen@kfuk-kfum.no


Filer for nedlasting