Kurssenter

Kurssenteret til Norges KFUK-KFUM, som er ein del av Sunnmøre folkehøgskule, arrangerer ei rekke nasjonale kurs med særleg fokus på barne- og ungdomsarbeid. Sunnmøre Folkehøgskule leiger og ut lokale til kurs og konferanse.

KFUK-KFUM Kurssenter er ein del av Sunnmøre Folkehøgskule , og vi disponerer dermed skulebygget under kursa våre. I 2007 overtok vi og flytta inn i lokalitetane til det som tidlegare var Ulstein hotell. Her har vi tilgang til:

Fasilitetar

  • internat med kapasitet på meir enn 200 gjestar på sommarstid og i delar av skuleåret
  • 2 matsalar, salongar og peisloft
  • ein flott og moderne førelesningssal/ auditorium bygd i 1997
  • Festsal med plass til 500 deltakarar. Salen kan også delast opp i 3 mindre lydtette salar.
  • undervisningsrom for musikk, dans -og dramarom m/ diverse utstyr
  • diverse gruppe-og møterom
  • stor elevstove med eiga scene i underetasjen
  • kapell
  • badstu
  • kanoar, båtar og fiskeutstyr
  • grusbane og klatrehall
  • diverse kontor og kontorutstyr
  • diverse teknisk utstyr til bruk i kurs-og arrangementssamanheng
  • ny utandørs golfbane i 2-3 km avstand
  • treningssenter (Aktivsenteret) som næraste nabo, med m.a. squashhall, trenigssal, vektrom og aktivitetsrom

SPØRSMÅL, PRIS og bestilling

For å møte medarrangørane sine ynskjer, opererer vi med ulike standardar og prisar. Ta kontakt med leiar for kurssenteret Lars Erling Bjåstad Hovlid for nærare informasjon angåande pris, på telefon 7000 9620 eller epost Mail: lebh@sufh.no