Vi deler ut Stå opp for andre-prisen på Landsmøtet i april

Mange grupper i KFUK-KFUM har latt seg inspirere av slagordet vårt Ver deg sjølv. Stå opp for andre, og på KFUK-KFUM sitt landsmøte 28.-30. april april deler vi ut ein Stå opp for andre-pris på 5000 kroner til ei gruppe som har gjort noko for andre i lokalsamfunnet sitt. Foreslå din kandidat innan 20. mars!

Ver deg sjølv. Stå opp for andre.

Foto: Christian Svabø

KFUK-KFUM er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som kjempar for unge menneske si moglegheit til å vere seg sjølv, leve og utvikle seg som heile menneske med and, sjel og kropp.  Å vere seg sjølv tyder at ein kan delta utan å måtte gjere seg til eller føle press på å prestere. Å stå opp for andre vil seie å gjere godt og kjempe for rettferd, der vi bor og i verda. Slagordet blei til etter at landsmøtet i 2013 gjekk inn for Langtidsstrategien KFUK-KFUM 2025.

PRIS på 5000 kr

Det er mange grupper i KFUK-KFUM som har sett fokus på å stå opp for andre i samsvar med KFUK-KFUM sitt slagord. Vi ynskje no å dele ut ein pris på 5000 kr til ei av desse gruppene, og prisen vert delt ut på landsmøtet vårt i slutten av april. Prisen går til ei gruppe/eining i KFUK-KFUM som har gjort noko for andre i lokalsamfunnet. Det må vere eit tiltak som er til inspirasjon for andre grupper, som engasjerer born og unge, og bygger opp under langtidsstrategien til KFUK-KFUM. 

Landsmøtet er KFUK-KFUMs høyeste demokratiske organ, der engasjerte KFUK-KFUMere fra hele landet møtes for å diskutere og stemme over viktige saker for organisasjonen. Spør om å få bli gruppas delegat til landsmøtet, og be styret melde deg på innen 20. mars. Les mer og meld på

Foto: Niels Westphal

Foreslå kandidatar

Alle kan sende inn nominasjon til kven som skal få prisen!  Send ein epost til staaopp@kfuk-kfum.no innan 20.mars. I nominasjonen må du skrive kva gruppa du foreslår har gjort for å stå opp for andre og kvifor du meiner at denne gruppa bør få prisen. 

Kriterier: 

  • Må vere ei gruppe/eining innmeldt i Norges KFUK-KFUM
  • Må ha gjort noko for andre i lokalsamfunnet
  • Må vere eit konsept som er til inspirasjon for andre grupper
  • Noko som engasjerer born og unge
  • Noko som bygger opp under Langtidsstrategien til KFUK-KFUM

Lurar du på noko?

Kontakt generalsekretærens kontor på gs@kfuk-kfum.no.