Globalaksjonen - Fordi vi bryr oss!
|
Globalaksjonen er Noregs KFUK-KFUM og KFUK-KFUM-speidarane sin solidaritetsaksjon. Aksjonen vert arrangert i samarbeid med vår bistandsorganisasjon KFUK-KFUM Global. Barn og unge over heile landet samlar inn penger på kreative måtar for å gjere ein skilnad for barn og ungdom i KFUK og KFUM i andre land.
I 2011/12 går Globalaksjonen framleis til eit utvida skuleprosjekt som KFUK/M på Madagaskar driv i slummen i hovedstaden Antananarivo. Over 300 barn vil nyte godt av pengane vi samlar inn. Pengane gjev barna skulegang, eit gratis måltid mat om dagen, skulemateriell, gratis helse-tilbod, oppfølging av barna sine foreldre og bygging av ein ny skule. Dette gjev barna håp for framtida - Gjennom Globalaksjonen gjev du barn og unge framtidsmolegheiter!
KM-veka 2011, frå 14.-20- november er aksjonsveke, men aksjonen pågår frå 13. august 2011 til 28. februar 2012. Innsamla pengar i denne perioden kan setjast inn som bidrag til Globalaksjonen. Vi oppmodar alle, også privatpersonar til å gjere ein innsats!
Bidrag kan setjast inn på kontonr. 3000.17.16766, merka 'Globalaksjonen 2011/12'.
Les meir om Globalaksjonen her!
|
|
|
Bilete: Krinssekretær Ida Etnestad saman med barna
på KFUM si matutdeling i Antananarivo.
|
|