Tysdag 11 November var det fellesøving for alle Ten Sing kora i fylket. Dette er arrangert av Deciding, og har vorte ein tradisjon. Sjølv om me sakna folk frå Nordfjord, og litt frå Sogn, vart det likevel ein flott kveld. Det var felles mat, fellesdans, felleskor med band, og felles leikar. Kort sagt, fellesøving.
Og som vanleg var det besøk frå hovudkontoret der, og i år var det Gunnar Skjerdal som har eit halvt års vikariat som programsjef. Det var særleg kjekt at han kom, sidan han er frå fylket, og attpåtil er Sogning!
Så var nok ei flott fellesøving gjennomført, og vi gler oss til å sjå kvarandre igjen!
|