Sogn og Fjordane krins
Sogn og Fjordane
 
OM OSS
Tilsette/kontakt
Styrer og Utval
Kva skjer?
Nyhende i Krinsen
Nesholmen leirstad
 
Gje ei gåve til krinsen
 
Konto nr. 3700.35.04426
 
ARRANGEMENT
Sommarleirar for born
Hausttreff
Nattcup for konfirmantar
KFUK-helg på Nesholmen
Vintertreff
Palmehelg
Påsketreff
 
EININGAR OG AKTIVITETAR
Aktivitet for barn
Ten Sing
Ope Hus
Idrett
Krinskrams
Førde KM
 
KURS
LIV-kurs
 

Hausten 2013 startar vi nytt LIV- kurs!

LiV logoen.JPG 
LiV-logoen
LIV-kurs i Sogn og Fjordane 2013/2015

Leiarkurs for deg mellom 16 og 18 år
I samarbeid mellom KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane og Sunnfjord folkehøgskule vert det no arrangert nytt LiV-kurs!

Kva er LIV?
LIV (Leiar i Vekst) er eit toårig leiar-kurs i Norges KFUK-KFUM. Kurset er for deg mellom 16 og 18 år som er eller vil verte leiarar i kristent barne- og ungdomsarbeid. LIV-kurset vil ha oppstart annakvart år. Det første året er det undervisning og samlingar. Det andre året er eit praksisår knytt til ein kyrkjelyd eller ei eining i Sogn og Fjordane KFUK-KFUM.

Mål
Målet for kurset er personleg utvikling for deg som kristen leiar. Det ynskjer å stimulere til kristen vekst og personleg utvikling. Gjennom teori og praksis skal du utvikle leiarkompetanse. Deltakarane lærer gjennom erfaring, samhandling med andre, undervisning og rettleiing.

LIV-kurs i Sogn og Fjordane
inneheld LUDVIK (sjå under), 4 fellessamlingar, 6 lokalsamlingar, utanlandstur, individuelle rettleiingssamtaler med din lokale rettleiar, praksis i kyrkjelyd eller KFUK-KFUM-eining der du bur og rettleiing frå lokale leiarar

LUDVIK
LUDVIK er LeiarUtvikling Driven i Villmark som Intensivt Kurs. LiV-kurset startar med ei LUDVIK-helg. Den vil by på fellesskap, naturopplevingar, overraskingar, og fysiske og psykiske utfordringar. Vekta vil ligge på gruppedynamikk, samarbeid og praktisk læring. LUDVIK er tøft, men alle skal kunne vere med. Du treng altså ikkje vere i knallform.

Fellessamlingane
På fellessamlingane vil alle kursdeltakarane vere samla til felles undervisning.
Det vil bli holdt fire samlingar i løpet av det 1. året.
5. - 8. september - LUDVIK
15. - 17. november - "Eg ein leiar"
17. - 19. januar - "Bibelarbeid, forkynning"
Vinterferien - Utanlandstur - Etikk, internasjonale spørsmål.
4. - 6. april - Konflikthandtering, samlivstema, evaluering.

Lokalsamlingane
Mellom fellessamlingane vert det lokale kveldssamlingar. I samarbeid med ein lokal leiar og rettleiar tek de opp nokre av tema frå forrige fellessamling med fokus på samtale og eiga utvikling.

Kontrakt
For å vere med på kurset må du teikne ein kontrakt i samarbeid med den lokale kyrkjelyden/eininga di. Kontrakten skal seie konkret kva oppgåver du skal ha, og kva som vert kravd av deg i praksistida. Praksisen skal vere 50-70 timar, og du må føre praksislogg.

Pris
Kurset kostar kr 5500,-, av dette er det ein eigendel på kr 2500,- (Vi tek atterhald om større endringar i reisekostnadane med utenlandsturen). Resten kan du søkje om støtte til hos den kyrkjelyden eller eininga du skal ha praksis i. Reiseutgifter til fellessamlingane innanfor fylket kjem i tillegg.

Kursbevis
Etter godkjent gjennomført LIV-kurs (minst 80 % deltaking) får du eit kursbevis som dokumenterer kva du har vore med på og kva emne du har vore gjennom. NB! Nokre vidaregåande skular godkjenner kurset som valfag. Undersøk med din skule!

Ynskjer du å delta?
Ta kontakt med kyrkjelyden eller eininga der du skal ha/ynskjer å ha praksis.
- Avtal oppgåver for praksisen
- Avklar kva du kan få av økonomisk støtte
- Søknadsskjema fin du under på sida her
- Syt for å få underskrifter frå kyrkjelyden / eininga du skal ha praksisen i.
- Søknadsfrist til Krinsen er 20. mai!
- Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på krinskontoret!

Kyrkjelydane/einingane sitt ansvar
- Skrive kontrakt med deltakarane og syte for at dei gjennomfører praksisen 2. året
- Lokal rettleiing etter mal frå kursleiinga (det vert samling for lokalleiarar før kursstart)
- Økonomisk støtte til deltakaravgifta

LIV - Brosjyre 2013-2015

LIV-søknadsskjema 2013

LIV-Forslag til kontrakt 2013-2015

LIV 2011 - 2013
Gjengen på tur i London

Les meir om LIV-kursa:

 Les meir om LIV-kursa i Norges KFUK-KFUM

Del på Facebook:
Del med Google+:


Nyheter
Hele landet (arkiv)
NordTreff 2014 Bardufoss
Norges KFUK-KFUM søker Programkoordinator (25 % prosjektstilling medio august 2013 til medio juni 20
Ungdomsarbeider i Grimstad KFUK-KFUM (30 % stilling fra medio august – ut juni 2014)
Bangladesh KFUK trenger penger til Savarofre!
Daglig leder/kretssekretær (vikariat 50 % stilling september 13 – april 14).

Sogn og Fjordane (arkiv)
Barnefestivalen 2013 var ein suksess!
LYST PÅ JOBB?
PåskeTreff 2013
Palmehelga 2013
Konfirmantnatta i Sogn 2013