ikon

Arve Endal

Sist oppdatert: 19. mai 2022

Portrett av Arve Endal Arve Endal har lagt bak seg over 40 nattcuper i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord. 


Sogn og fjordanes STORE NATTCUPGENERAL


KFUK KFUM Sogn og Fjordane har lyst å trekke fram ein bauta i arbeidet vårt gjennom 30 år. 

Arve Endal og familien flytta til Førde i Sunnfjord på slutten av 1980-talet. Han vaks opp i Måløy og i ungdomstida så var Måløy Ten Sing det store møtepunktet, og der fekk han sitt gode forhold til organisasjonen.  Da han kom til Førde vart han raskt  innlemma i KFUK-KFUM arbeidet lokalt. Det kreative KFUK-KFUM-miljøet i Førde lanserte det fyrste nattcup-konseptet i 1991 og etter nokre få år så vart Arve med i komiteen for nattcupen. Arve har vert den store "nattcupgeneralen" og har lagt bak seg over 40 nattcuper i Sunnfjord, Sogn og i Nordfjord. Hans stødige hand om cupen har gjort dette arrangementet til ein institusjon i KFUK-KFUMs arbeid i Sogn og Fjordane. 

Arve Endal har og vert engasjert i krinsen sitt arbeid og har i fleire omganger vert representant i krinsstyre og andre styre, råd og utval i krinsen sitt mangeslungne arbeid. 

No etter 30 år legges nattcupen ned som konsept i krinsen og det er med flagget til topps! Krinsen er særs takksame for den innsatsen Arve legger ned hos oss. Hans ord "dette har vert kjempegøy" viser litt av hans kjærleik for organisasjonen og for brannen han har for at ungdom skal møte eit kristent og godt tilbod lokalt. Vi i krinsen er takksam for at han fortsatt vil bidra i stort og smått i krinsen sitt arbeid og i KFUK-KFUM Førde sitt arbeid lokalt. 

TUSEN TAKK, ARVE!


til toppen
Ikon