Barnefestival på Nordfjordeid

AVLYST - Barnefestival på Nordfjordeid

Sogn og Fjordane KFUK-KFUM inviterer til Barnefestival! Operahuset på Nordfjordeid 14.mars 2020

STORT KOR leia av Kristian Storevik Songar frå «STÅ OPP» frå KFUK-KFUM SIRKUS Fjordane FHS kjem med mykje moro og artige kunstar. Alle får prøve!

AKTIVITETAR – KAFE – KONSERT

Informasjon: Pris: 300,- for medlemmar i KFUK-KFUM. 400,- for ikkjemedlemmar. Påmelding snarast! Seinast innan 20.februar til heidi.styve@sunnfjordkyrkja.no

Kora øver på songane i framkant av festivalen. Solistoppdraga deler vi på. Songar blir tilsendt etter påmelding. Notar kan bestillast her: https://kfukkfum.no/aktiviteter/ressursmateriell/musikk-og-noter/sta-opp
Plata finns også på Spotify, både vanleg og sing back. Program for festivaldeltakarane frå kl. 11:00 – 17:00 Kick-off, oppvarming, felleskorøving, mat, aktivitetar, sirkus, generalprøve.

Konsert kl. 17:00. Ope for alle. Billettar på Operahuset sine nettsider. Pris 100,- + gebyr, 400,- + gebyr pr. familie. http://www.operahuset.no/kjop-billett-2

Vi gler oss til barnefestival og håpar mange songglade barn frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal finn vegen til Operahuset på Nordfjordeid 14.mars! Dette blir gøy!

Helsing Barneutvalet i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane Hedda, Maria, Heidi og Ingeborg