Barnefestivalen Sogn og Fjordane 2018

Barnefestivalen Sogn og Fjordane 2018

KFUK-KFUM Sogn og Fjordane inviterer alle barnekor, grupper, born og vaksne til Barnefestival på Sunnfjord folkehøgsule i Førde. I år som i fjor er vi så heldige å kunne presentere Eliane Wergeland som dirigent for felleskoret, og borna får framføre eit utval av KFUK-KFUM sin CD "HERNÅ".

Eliane har tidlegare jobba som programarbeidar i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane. Myldretorg har vi også, der borna i løpet av dagen kan velje mellom mange kjekke inne- og uteaktivitetar.

Kven kan vere med? 

Alle born uansett alder er velkomne til å vere med.

Pris

Medlem i KFUK-KFUM: kr 300,- inkludert mat.

Ikkje medlem i KFUK-KFUM: kr 400,- inkludert mat. 

Samla innbetaling for kor/grupper til konto nr 3700.35.04426 

For ikkje-deltakarar er det mogleg å kjøpe matkupongar (to pizzaboller)kr 50,-. Desse får ein kjøpt i registreringa.

Økonomi skal ikkje vere til hinder for å vere med på festival hos oss. Søk vårt deltakarfond om støtte dersom deltakarprisen er ei utfordring. 

Påmelding

Påmelding skjer til din einingsleiar, som samla melder på antal born og vaksne frå koret, klubben eller gruppa.  Er du ikkje med i eit kor eller gruppa så meld på pr e-post til krinskontoret: sfj@kfuk-kfum.no

Påmeldingsfrist: 21. februar

LAST NED BROSJYRE

Brosjyre Barnefestivalen mars 2018.pdf

GLOBALAKSJONEN 

Årets Barnefestival vert farga av KFUK-KFUM Sogn og Fjordane sitt spennande samarbeid med Matara YMCA på Sri Lanka. Matara YMCA driv mykje godt barneog ungdomsarbeid med fokuspå mellom anna miljø, stopp poverty-kampanjen, helseførebyggande arbeid, m.m. Støtt dette arbeidet på Barnefestivalen ved å kjøpe spinn på lykkehjulet vårt. 2 spinn koster  10 kr (Premie til alle)