Barneleir

På Barneleiren blir det mykje kjekke aktivitetar og samlingar. Naturopplevingar, fysisk aktivitet, sosialt samvær og mykje moro, både ute og inne.

Påmeldinga har starta og førstemann til mølla. Gled dykk, dette blir berre heilt kanon bra! 

PROGRAM PÅ BARNELEIR  * 21-23. juni

Du kan padle kano, bade, vi skal ha ballspel, konkurransar, leirbål, fokussamlingar og mykje mykje meir. Vi ynskjer mange vil være med i år også - vi gledar oss veldig til å bli kjend med mange nye born og sjå igjen dykk som har vært med oss tidlegare. 

Vi startar kl. 17.30 på fredag og er ferdig kl. 13.00 på søndag.

Detaljprogram får du tilsendt 1-2 veker før leiren startar.

TA MED

Sovepose, laken, pute(?), innesko, gymkle/sko, sitteunderlag, toalettsaker, solkrem, myggstift, godt med klede til å være ute i (regnkle) og badeklede/ handuk. Ta høgde for Norsk sommar og ha med godt med varme klede i tillegg til sommerklede. 

PRIS 

Kr. 990,- Du vil få betalingsinformasjon tilsendt på telefon eller mail. 

Påmeldingen er registrert ved innbetalt påmeldingsavgift. 

Avmelding 

Kun legeærklæring godkjennes som gyldig avmelding etter avmeldingsfrist.

PÅMELDING 

Treng du bistand for å melde på deg sjølv eller andre? 

Du kan melde på eigne born/barnebarn og andre born med samtykke frå deiras foresatte. Ved påmelding av andre treng du deira namn/etternamn, fødselsdato, adresse, mobilnummer, epostadresse, foresatt 1 og deira mobilnummer/epostadresse. 

Dersom dei du melde på ikkje har eiget mobilnummer og epostadresse kan du skrive inn foresattes mobilnummer og epostadresse. 

Bruk blå påmeldingsknapp på denna nettsida, som tar deg til vår påmeldingsløsning connect.kfuk-kfum.no. Alle som har eit mobilnummer kan benytte connect.kfuk-kfum.no. 

* Har du benytta påmeldingsløsninga eller vært pålogga connect.kfuk-kfum.no før, loggar du på med ditt mobilnummer og passord. Har du gløymt passordet, velg «Gløymt passord», og du vil få tilsendt nytt på SMS. Har du ikkje logga deg inn på connect.kfuk-kfum.no før, velgjer du «lag bruker» og registrerar deg sjølv med namn, fødselsdato adresse og kontaktopplysningar først. 

* Når du har logga deg inn i connect med eksisterande brukar eller du har laga deg en brukar, får du moglegheit til å melde på deg sjølv og/eller andre. Dersom du skal melde på andre, sjekker du først om personen er registrert i KFUK-KFUMs database frå før. Det gjer du ved å skrive inn personens mobilnummer + fornamn i søkefeltet. 

•Kjem rett vedkommande opp, velgjer du den som er rett 

•Kjem ikkje rette vedkommande når du søkjer, registrerar du den du vil melde på som ny person med fullt namn, adresse, fødselsdato, mobilnummer, epostadresse og føresatt 1 og deira mobilnummer/epostadresse. Har ikkje den du skal melde på eige mobilnummer/eigen epostadresse, kan du benytte føresattes kontaktopplysningar. 

* Nå kan du melde på. Husk å velgje påmeldingsalternativ, eventuelle aktivitetar og å fylle inn eventuelle kommentarfelt. Husk også å bekrefte påmeldinga. Gjenta same prosedyre dersom du vil melde på enda fleire. 

Fortsatt nokre spørsmål? Ta kontakt på sfj@kfuk-kfum.no - vi hjelper deg gjerne 

AVMELDINGSFRIST 

16. juni 

 UFORDRENDE ØKONOMI? VI VIL HA ALLE MED! SØK VÅRT DELTAKERFOND! 

 Vi vil at alle born skal ha moglegheit til å delta på våre leirar. Dersom det med betaling er vanskeleg, så ikkje nøl med å ta kontakt, så finn vi samman en løysning. Mange born og unge vekse opp i familiar som har ein sårbar økonomi og som ikkje har råd til å la borna delta i organiserte fritidsaktivitetar. KFUK-KFUMs deltakarfond bidrar til at alle barn og unge i vår organisasjon kan være med, uavhengig av familiens økonomi. Søk vårt deltakarfond om støtte til deltakelse på våre ukentlege aktivitetar og arrangement.