Fellesreise til Spekter/ ETS 2018 KFUK-KFUM Bjørgvin

Fellesreise til Spekter/ ETS 2018 KFUK-KFUM Bjørgvin

Fellesreise med buss frå Bergen til Spekter og European Ten Sing festivalen på Kalvøya i Sandvika, Bærum. Bindande påmelding. Kun påmelding tur/retur. Oppmøte kl. 07:30 på Bergen busstasjon. Vi har 57 plassar på bussen, så første-mann-til-mølla.

FELLESREISE FRÅ BERGEN/VOSS TIL SPEKTERFESTIVAL PÅ KALVØYA

KFUK-KFUM Bjørgvin krets arrangerer fellesreise til Spekter/ETS-festivalen med buss frå Bergen til Sandvika i Bærum. Festivalen er på Kalvøya som ligg rett utanfor Sandvika i Bærum. Alle frå Bjørgvin krets bur på same skule. 


AVREISE OG HEIMREISE

Oppmøte kl. 07:30 på perrong P på Bergen busstasjon tysdag 7.august. Vi skal då vere på plass i Sandvika i god tid før festivalstart med opningsshow kl. 19. 

Dei som ønskjer å gå på bussen på Voss, møter opp på Voss busstasjon kl. 09:00. 

Det blir to korte stopp undervegs, men ikkje lagt opp til lange matpausar. Det er kun lov med vatn og matpakke inne på bussen – ingen brus, snop og chips undervegs. Så smør med deg nistepakke og rikeleg med drikke.

Heimreise frå Sandvika er søndag 12.august. Vi tek sikte på avreise ca kl. 10:30. Vi er då tilbake i Bergen ca. kl. 20 på kvelden.


PAKKELISTE

Bagasje: Det er avgrensa med bagasjeplass på bussen, kun tillatt med eitt kolli + handbagasje per person. Vi ser helst at alle pakkar i bag eller ryggsekk, og ikkje koffert. Dette fordi det er mykje lettare å stable baggar i bagasjerommet. 

  • Drikkeflaske fylt med vatn
  • Niste til bussturen 
  • Sovepose Liggeunderlag/ luftmadrass (NB: har du dobbeltluftmadrass må du dele med ein annan pga avgrensa med plass på klasseromma) 
  • Sko som er gode å gå i - det blir mykje gåing i løpet av dagane 
  • Klede til både varme og kalde dagar (det er ofte kjøleg om kvelden) 
  • Regnjakke og evt gummistøvlar 
  • Toalettsaker 
  • Handduk Badetøy - viss du vil bade på Kalvøya 
  • Treningstøy - til seminar, workshops, turneringar og globalløp 
  • Solkrem 
  • Solbriller 
  • Myggspray 
  • Plaster og gnagsårplaster 
  • Lommepengar (viss du vil handle i kioskane på festivalområdet eller KFUK-KFUM-butikken) 
  • Dagstursekk/ veske der du har plass til det du treng i løpet av dagen av klesskifte, mat, drikke etc. 
  • Sitteunderlag eller lite pledd (kjekt å ha på festivalområdet)
  • Medisin du bruker (hugs å informere leiaren din om medisin du bruker) 


PÅMELDING OG PRIS

Grupper/ einingar: Påmelding skjer til ansvarleg vaksenleiar, som meldar på si gruppe gjennom påmeldingsløysninga i Conenct. Både deltakarar og leiarar må meldast på. Alle grupper som meldar seg på fellesreisa må ha med seg ein leiar over 18 år som fungerer som bussleiar for si gruppe under bussturen. 

Enkeltdeltakarar: Dersom du reiser som enkeltdeltakar (reiser på eigahand utan saman med ei gruppe) på Spekterfestivalen og ønskjer å vere med på fellesreisa, ta kontakt med kretssekretær/ dagleg leiar i Bjørgvin KFUK-KFUM, Alice J. Vatnehol på tlf.nr 55606070/ 98667869 eller send ein e-post til bjorgvin@kfuk-kfum.no, så hjelper vi deg med påmelding på fellesreisa. 

Tidlegfrist for påmelding: 15.mai 

Påmeldingsfrist: 10.juni 

Pris for medlemmar i KFUK-KFUM påmeldt før 15.mai: 975 kr. Etter 15.mai kostar fellesreisa 100 kr meir, altså 1075 kr. 

Pris for ikkje-medlemmar påmeldt før 15.mai: 1125 kr Etter 15.mai kostar fellesreisa 100 kr meir, altså 1225 kr.


KONTAKTINFORMASJON

Har du spørsmål? Ta kontakt med dagleg leiar/ kretssekretær i KFUK-KFUM Bjørgvin, Alice J. Vatnehol på tlf.nr 55606070 (kontor dagtid)/ 98667869 eller e-post alice@kfuk-kfum.no