K- Helg

Velkommen til trivelege dagar . Ei inspirerande, sosial og kjekk helg for damer i alle aldrar!

VELKOMEN, kvinner i alle aldrar, til kortreist kvinnefellesskap i 2 halve dagar og einatt. Latter,inspirasjon,samtalar,ettertanke,kvile,tur og godmat vil prege timane vi skal ha saman. 


Program Laurdag 

Kl. 12:30 innkvartering 

Kl. 13:00 Laurdags Graut 

Kl. 14:00 Tur medkaffipause, gå eller køyre 

Kl. 16:30 Formingsaktivitet 

kl. 18:00 Tematime v/ Sonja Årdal 

Kl. 20:00 Festkveld 

Kl. 23:00 Kveldstankar/Liturgi v/Rigmor Frøyen 

program Søndag 

Kl. 09:00 Frukost 

Kl. 11:00 Gudstenestev/ JorunnBaeHordvik 

Kl. 12:30 Middag og avslutning

PRIS 

Medlem/Ikkjemedlem 

Dobbeltrompr pers.: kr 920,-/ kr 1120,- 

Enkeltrom: kr 1020,-/ kr 1220,- 

Sengetøy og handklede kan leigast for eit tillegg på kr 80,- Telefon: 90924500

Påmelding 

Påmelding påwww.kfuk-kfum.no/sfj eller ta kontakt med krinskontoret på telefon 469 15529 eller mail sfj@kfuk-kfum.no. 

Påmeldingsfrist : 20. oktober 2019 

NB! Ved færre enn 20 påmeldte innan fristen, vil arrangementet bli avlyst.

Betaling 

Arrangementet har sentral betalingssløysing, og du vil få betalingsinfo på smsved påmelding.

Rigmor Frøyen

Laurdagen vert avslutta med kveldstankar og liturgi ved Rigmor Frøyen.Rigmor er 55 år og kjem fråKalvåg, er gift og har born. Ho bur i Naustdal, der ho jobbar somsokneprest.Rigmor har vore aktiv i Det Norske Misjonsselskap.

Sonja Årdal

"KFUK/M-bagasjen- bruk og gjenbruk" er tittelen på tematimen med SonjaÅrdal. Sonja er 54 år og kjem frå Jølster,men er busett i Høyanger. Ho og mannen driv litt med sauer og utleigeav feriehus. Ho har 4 vaksne søner, og er lærar på ungdomsskulen i Høyanger. I ungdomen var Sonja KFUK-speidar og medlem/dirigent i Jølster Ten Sing. I dag er ho ikkje aktiv i km,men leiar for Kyrkjebø skule-og ungdomskorps. Ho har tidlegare vore aktiv på bloggen sin, som du kan lese her; 

www.klevold.wordpress.com


Jorunn Bae Hordvik

Gudstenesta på søndagen vert leia av Jorunn BaeHordvik. Jorunn er 48 år og bur i Florø, er gift og har tre born. Ho har voreprest i Florøi 12 år, men har jobba somlærar på Flora ungdomsskuledei siste 10 åra. Frå 1.august 19 tek ho til som undervisningsinspektør på skulen. Gjennomm bl.a speidaren, volleyball og Ten Sing har Jorunn vore aktiv i KFUK-KFUM. Morfaren hennar var ein av pådrivarane for å byggje Nesholmen, derfor har ho alltid vore nært knytta til staden.


Se vedlagte brosjyrelink for meir informasjon:

K-helg 2019 brosjyre.pdf


Filer for nedlasting