KFUK-helg på Nesholmen 2017

KFUK-helg på Nesholmen 2017

Ei inspirerande, sosial og kjekk helg for damer i alle aldrar! Temaet for helga er «Berekraft» i fleire tydingar, og til å hjelpe oss med tolkingane, har vi med oss kreative og flinke damer. I tillegg har vi fått med oss sokneprest Hege Høibye til kveldssamling og gudsteneste.

Dette blir ei inspirerande, sosial og kjekk helg for damer i alle aldrar! 

TEMA: "Berekraft"

Temaet for helga er «Berekraft» i fleire tydingar, og til å hjelpe oss med tolkingane, har vi med oss kreative og flinke damer. Elin Kvinge Flatland og Hanne Schnitler skal stå for inspirasjon både i det dei gjer og tenkjer, og Hege Høibye skal stå for kveldstankar og gudsteneste. Det blir tid til å vere kreativ sjølv, ein tur ut, god mat og gode samtalar. 

Her er plassen for å ta med både snakketøy og strikketøy, og ha ei lita helg i lag, det blir skikkeleg kjekt!

Program

Laurdag: 

12:30 Registrering 

13:00 Graut 

14.00 Samling berekraft 

 Tid til både tur og kreativ verkstad 

17.00 Kaffi og prat 

18.00 Temasamling 

20.00 Festmåltid med noko attåt! 

23.00 Kveldstankar 

 Søndag: 

09.00 Frukost 

11.00 Gudsteneste 

13.00 Middag og avslutning. 

Vel heim:) 

spørsmål om  påmelding?

Ta kontakt med Krinskontoret på sfj@kfuk-kfum.no eller telefon 46915529