KFUK-helg på Nesholmen leirstad

KFUK-helg på Nesholmen leirstad - fullbooka

Velkomen til kvinner i alle aldrar til kortreist kvinnefellesskap i 2 halve dagar og ei natt. Latter, inspirasjon, samtalar, ettertanke, kvile, tur og god mat vil prege timane vi skal ha saman. Inger Helene Nordeide og Gunhild Bergset deltek med sin kunnskap og erfaringar.

Velkomen til eit kortreist kvinnefellesskap på Nesholmen. Kvinne-helg i KFUK KFUM Sogn og Fjordane vert arrangert på Nesholmen leirstad 24. - 25. oktober 2020. Vi inviterer alle kvinner i alle aldrer til ei sosial helg med gode og viktige tema som er relevant for alle.


Inger Helene Nordeide  jobbar no som fagkonsulent i PlanB Vest (privat foretak i Førde, psykisk helse, veiledning og barnevern). Ho vil snakke om forskjellige tap som livet gir. Det er snakk om tap av mange slag. Av      liv, helse, krefter og dei utfordringane som livet gir. 
Ho født i 1961 er mor til seks og bestemor til seks. Hennes faglege bakgrunn er innan organisasjonspsykologi og veiledning. Ho jobba tidlegare som leiar for Senter for Livsmestring i Jølster i 5 år og ho har vert leiar i Bjørgvin bispedømme i 8 år. Ikkje minst har ho vert heimeverande med eigne barn i 8 år når ungane trengte det. 




Gunhild Bergset vil halde gudstenesta for oss på søndagen. Ho er 62 år , gift har fire barn og 9 barnebarn. Ho har lang fartstid i KFUK KFUM, Frå ungdomsklubb, Ten-Sing-arbeid , Triangelarbeid, Speidararbeid og ikkje minst barnegospel der ho har vore leiar i over 20 år. Gunnhild har også blitt kursa i opplæringa til «Lek gudstenesteleiar i Bjørgvin» og vart innsett som Gudstenesteleiar av biskop Hagesæter i 1998. Etterpå har ho vikariert på gudstenester ulike stader i Nordfjord. Yrkesmessig tilhøyrer ho barnehagefeltet. Etter nesten 30 år i barnehage, avbrote av eit par år i misjonsteneste i Bolivia, gjekk Gunnhild over i Høgskulesystemet der ho har jobba i 8 år. Er no førstelektor i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda. 


program

Laurdag
12:30 innkvartering
13:00 LaurdagsGraut
14:00 Avreise til Eimhjellen
16:30 kulturvandring med kaffi i Eimhjellen
 18:00 tematime v/ Inger Helene Nordeide
20:00 festkveld med middag

Søndag
09:00 frukost
11:00 Gudsteneste v/ Gunhild Bergset
13:00 middag og avslutning 

Påmelding

PRIS Medlem/Ikkje medlem
Dobbeltrom pr pers.: kr 950,-/ kr 1150,-
Enkeltrom: kr 1050,-/ kr 1250,-
Sengetøy og handklede kan leigast for eit tillegg på kr 80,-
Telefon: 90924500

Påmelding på www.kfuk-kfum.no/sfj eller ta kontakt med krinskontoret på telefon 48 14 09 55 eller mail sogn-fjordane@kfuk-kfum.no.

Påmeldingsfrist: 18. oktober 2020

NB! Ved færre enn 20 påmeldte innan fristen, vil arrangementet bli avlyst.

Arrangementet har sentral betalingssløysing , og du vil få betalingsinfo på sms ved påmelding.