LIV Kurs Basic Sogn og Fjordane 2020-2021

LIV Kurs Basic Sogn og Fjordane 2020-2021

LIV Basic er eit leiartreningskurs for dei som er 16 – 19 år. Gjennom LIV Basic får ungdommane god opplæring i kva det vil seie å vere leiar i kristent barne- og ungdomsarbeid, noko som gjer dei godt rusta for å vere leiarar i lokalt barne- og ungdomsarbeid.

Informasjon om kurset

Er du klar for nye utfordringar? Vil du prøve deg som leiar? Lære ved å gjere i praksis? Har du lyst til å bli kjend med nye folk? Reise på tur? Få spennande erfaringar du ikkje kan lese deg til?  Då må du vere med på LIV kurs i skuleåret som kjem. 

LIV Basic er eit eittårig leiartreningskurs for deg mellom 16 og 19 år, som er eller ynskjer å verte leiar i kristent barne- og ungdomsarbeid. Kurset inneheld 4 helgar i løpet av hausten 2020 og våren 2021. I tillegg vert det ein studietur til London i løpet av våren 2021 der du får prøve deg som reiseleiar, få kjennskap til KFUK-KFUM si verdensvide historie og verksemd samt få snuse litt på kva London har å tilby. 

Helg 1: 4.-6.september 2020 - LUDVIK 

(LeiarUtvikling Drive i Villmark som Intensiv Kursing) LUDVIK er den første samlinga på LIV Basic. Ute i naturen får du kjenne på dine eigne grenser og krefter innanfor ei trygg, men samtidig utfordrande ramme. Grupperelasjonar, grenser, forventningar, styrker og svakheiter, samhald og venskap er nokre av stikkorda for denne helga. Ei helg med mange utfordringar som du kjem til å ha nytte av resten av LIV Basic.

Helg 2: 13.-15.november 2020 - Ver deg sjølv 

Ein leiar sin viktigaste reiskap er seg sjølv. Denne helga skal kvar einskild deltakar ha fokus på seg sjølv og eigen identitet. Kven er eg og korleis har eg blitt den eg er? Vi jobbar med tema som press på identitet, mental og sosial helse og sjølvbilete. Også i ei leiarrolle er det viktig å vere seg sjølv, med sterke og svake sider. Å jobbe med eigen identitet og sjølvbilete er ein føresetnad for å utvikle eit godt leiarskap.

Helg 3: Makt, påverknad og ansvar

I slutten av januar/byrjinga av februar 2021, i samband med Vintertreff 2021.  Med leiarrolla følgjer også makt til å påverke andre menneske. Som ny leiar er det viktig at du vert medviten på korleis du kan påverke andre menneske, både positivt og negativt. Vi jobbar med tema som kjønn, makt, påverknad og ansvar. I løpet av helga gjennomfører vi også teampraksis.

Helg 4: 16.-18.april 2021 - Stå opp for andre 

Gode leiarar er seg sjølv og står opp for andre,og alle leiarar i KFUK-KFUM har eit medansvar for å bygge opne og trygge fellesskap der alle som vil delta, vert inkludert. Alle unge fortener å bli sett, høyrt og verdsett for den dei er. Dette er siste helg på LIV Basic. Vi skal kartlegge eigne verdiar og analysere unge sin kvardag. Kva verdiar vil du styre etter i livet ditt? Kven vil du stå opp for? Kva kan vi som leiarar gjere for å inkludere unge menneske i våre samanhengar?

Tur til London: Vinterferien 2021 - Etikk, leiar i praksis 

I løpet av vinterferien 2021 er vi 5 dagar på tur til London. Her får vi erfare at vi i KFUK-KFUM er del av verdsorganisasjonane YMCA og YWCA. Vi besøker ulike YMCA og YWCA i London, blant anna den plassen der YMCA vart starta i 1844. I tillegg besøker vi K-hjemmet, Sjømannskirka, reiser på musikal og oppleve mykje av det London har å by på. Her får vi prøve oss som leiarar på tur og har ansvar for å leie og passe på kvarandre.

Teampraksis 

Alle deltakarar på LIV Basic skal få oppleve korleis det er å løyse ei større oppgåve som del av eit team. Saman med andre deltakarar på kurset får du ansvar for ein eller fleire oppgåver på Vintertreff 2021.

Leiarpraksis 

Det eg gjer, det lærer eg! Praksis er ein sentral del av LIV Basic og gjev deg moglegheit til å bruke det du lærer på helgesamlingane. Leiarpraksisen gjennomfører du lokalt i di eining eller i din kyrkjelyd. Praksisen skal vere på 25-35 timar, og gjennomførast fortrinnsvis mellom 15.november og 1.juni, men det er moglegheit for individuelle avtalar dersom det er mest praktisk for deg og kyrkjelyden/eininga du skal ha praksis i.

viktig informasjon

LIV-kurset kostar 5 500 kr der du betaler ein eigendel på 2 500 kr. Di eining eller kyrkjelyd betaler resten av avgifta på 3 000 kr. London-turen har ein eigendel på 1 500 kr.  

To føresetnadar av å vere med er at det vert gjort avtale om samarbeid med di eining/kyrkjelyd for praksis gjennom året og at du er medlem av KFUK-KFUM. 

Er du interessert? Ta kontakt med vår LIV-kurs koordinator Else Osmundnes Kvamsås mobil 95 20 23 49 eller epost: elseosmundneskvamsas@gmail.com dersom du ynskjer meir informasjon. Påmelding skjer ved at du fyller ut påmeldingsskjema og sender det til LIV-kurs koordinatoren innan 15. juni.