Nattcup Nordfjord

Nattcup Nordfjord

KFUK-KFUM ønskjer alle konfirmantar velkommen på Nattcup. (Det har ofte vore spørsmål frå ungdommar som ikkje er konfirmantar i kyrkja om å få vere med på Nattcup. Det ønskjer vi som arrangørar å legge til rette for ved eventuelle handvendingar. Ta kontakt med oss)

VELKOMEN TIL NATTCUP! 

Vi vil med dette ynskje konfirmantar i Nordfjord og Vanylven velkomne til Nattcup 2017 i Nordfjordhallen fredag 3. november. Vi skal spele fotball, kåre beste heiagjeng, show med Ruben Gazki, vere med på gudsteneste og konsert, samle inn pengar til Sri Lanka-prosjekt, - og ikkje minst bli kjent med mange kjekke konfirmantar. 

Ikkje gløym: Vi skal vere oppe heile natta frå fredag til laurdag

PROGRAM 

19:00 Registrering 

19:30 Opning 

20:30 Kampstart  

24:00 Midnattsmesse 

01:15 Kampane held fram 

02:15 " Time out 1" Show med Ruben 

03:15 Kampane held fram 

04:15 " Time out 2" Globalutvalge engasjerer 

05:00 Sluttspel/finalespel 

06:15 Finito 

Under midnattsmessa, Timeout ogRuben vert det ikkje spelt kampar. Vi tek atterhald om endringar i programmet. 

REGLA

  • Under heilenattcupen er vi i Nordfjordhallen.
  • Etter kl.21:30 vil Nordfjordhallen verte lukka, og vi vil ha eit eige område der vi kan lufteoss
  • Nattcupen er eit røyk- og rusfritt arrangement
  • Brot på reglane kan føre til at vi kontaktar føresette
  • Alvorlege brot vil føre til himsending
  • Energidrikk er ikkjetillatt.

HUGS

  • Treningsklede / drakter/leggbeskyttere
  • Inne sko / fotballsko.
  • Dekket på fotballbana er kunstgras
  • Pengar til Sri Lanka-prosjekt
  • Kvite t-shorte til å male på evt kjøpe
  • Utstyr til heiagjengen
  • Niste/drikke(kiosk er open heile natta) 
  • Betalingsmuligheitar: kontant +vipps

FOTBALL 

Kampane vert spela på kunstgrasbane med 5 utespelarar + keeper. Nordfjordhallen kan inndelast i 3 baner. Kvart lag bør ikkje ha meir enn fire innbytarar, men innbyte kan skje kontinuerleg. Kvar kamp varer i 9 min. utan sidebytte. Det vert kåra vinnar i jente- og guteklasse. Ein spelar kan berre vere med på eit lag.

 SEMINAR 

Seminara er eit tilbod for dei som ikkje spelar fotball eller er ute av turneringa. Seminara er delt inn i to økter frå kl. 01:15-02:00 og kl. 03:15-04:00. Meir info kjem. 

HEIAGJENG 

Kvart lag kan ha sin eigen heiagjeng. Det kan vere deltakarar som ikkje spelar fotball, eller det kan vere spelarar frå andre lag frå kyrkjelyden. Det vert premiering av beste heiagjeng, så her er det om å gjere å førebu seg godt med plakatar, kostymer, instrument og anna som kan skape stemning under kampane. 

NATTMESSE 

Klokka 24.00 bryt vi av kampane og samlar oss til ei stemningsfull midnattsmesse

TIMEOUT 

Klokka 04.15 Globalutvalget kjem og engasjerer og aktiviserer konfirmantane i forbindelse med innsamlinga til SRI LANKA PROSJEKT 

MILJØTORG 

Miljøtorget er ulike stader der du mellom anna kan spele volleyball, innebandy, hoppegrop, sansesrom med m.a. lys tenning og bruk av alle sansane, bordspel, PlayStation, lage plakatar til heiagjengen, eller teikne på t-skjorter (ta med deg ei kvit t-skjorte, eller du kan kjøpe ei på Nattcupen for 50 kr.), klatring og sjakkturnering. Det kan kome fleire aktivitetar under Nattcupen

Pris 

250,- kr.pr. deltakar 100,- kr.pr. lag. Nokre stader er denne prisen inkuert i konfirmant- kontigenten for heileåret. Det vil du få vite av din leiar.

KONTAKT 

Spørsmål kan rettast til lokal hovudleiar

Filer for nedlasting