Nattcup Sunnfjord

Vi vil med dette ynskje konfirmantar i Sunnfjord og Sogn velkomne til Nattcup i Førdehuset fredag 26. oktober 2018. Vi skal spele fotball, kåre beste heiagjeng, delta på ulikeaktivitetar og ikkje minst bli kjent medmange andre kjekke konfirmantar.


FOTBALL 

Kampane vert spela på handballbane med 5 utespelarar +keeper. Førdehuset har 3 baner. Kvart lag kan ha så mange innbytarar ein ynskjer, og innbytte kan skje kontinuerleg. Kvar kamp varer i 9 min. utan sidebytte. Det vert kåra vinnar i jente- og guteklasse. Ein spelar kan bare veremed på eit lag.

HEIAGJENG 

Kvart lag skal om mogleg ha sin eigen heiegjeng. Det kan vere deltakarar som ikkje spelar fotball, eller det kan vere spelarar frå andrelag frå kyrkjelyden. Det vert premiering av besteheiagjeng, så her må de førebu dykk dykk godt med plakatar, kostymer, instrument og anna som kan skape stemning under kampane

AVSPARK 

Avspark er klokka 19:00. Vi opnar Nattcup med ei fellessamling med informasjon, musikk og sceneshow. 

GUDSTENESTE

 Ved midnatt møtast vi i kinosalen til gudsteneste 

TIME-OUT

Gruppespelet er over og vi tek ein "Time-out" klokka 03:00. Då blir det show med illusjonisten Ruben Gazki. 

AVSLUTNING 

Når finalen skal spelast samlast alle i hallen for å heie fram laga. Deretter vil det verta ei felles avsluttning 

GLOBALAKSJON Globalaksjonen er å samle inn pengar til eit globalt formål fordi Nattcup handlar om meir enn fotballturnering. Det ynskjer vi å syne gjennom å samleinn pengar til KFUK-KFUMGlobal - som er KFUK-KFUMNoreg sin bistandsorganisasjon. Pengane går til Sri LankaYMCAog vi legg opp til at kvart sokn har ein bod/aktivitet der konfirmantane samlar inn pengar. Flott om detek med kontantar til aksjonen!

PROGRAM 

18:00-18:45 Registrering 

19:00 "Avspark" 

20:00 Kampstart 

21:30 Symjehallen open 

24:00 Gudsteneste 

01:00-02:30 Symjehallen open, kino m.m 

01:15-02:00 Fellesmat 

01:30-02:30 Globalaksjon 

03:00 " Time out" 

04:00-05:00 Symjehallen open 

04:30 Sluttspel/finalespel 

05:30 Finalespel - allemøter i hallen 

06:30 Fellesavslutning i hallen. 

Slutt ca. 06:45 

REGLAR

Under heileNattcupen er vi i Førdehuset.

Etter kl. 21:30 vil Førdehuset bli stengt. Det vil da vere eit eige uteområde der ein kan lufte seg.

Nattcupen er eit røyk- og rusfritt arrangement. 

Bruk av rusmiddel fører til heimsendeing. 

Det er heller ikkje lov å ta med seg energidrikk på Nattcupen.

HUGS

Treningsklede / drakter/leggbeskyttarar 

Innesko som ikkjeset merker på golvet.

Kontantar til Globalaksjonen

Kvit t-skjorte til å male på.(Blir også solgt gjennom natta for kr. 50,-) 

Utstyr til heiagjengen

Det er lurt å ta med ekstra niste

Pris 

Kr. 270,- pr. deltakar 

Kr. 350,- pr. lag 

Betaling gjer du til lokal hovudleiar