Nesholmstemne

Aktivitetar, padling, bading, tur, frisbeegolf, Middag med kaffibord og familiegudsteneste (kl. 16:00) Kollekt til Nesholmen. Korgruppe frå Kinn kyrkjekor, Alberg Frøyen, Erling Nydal

Nesholmstemne søndag 26. august

Dette er eit nytt Nesholmstemnekonsept 

Vi brukar formiddagen til å vere ute og bruke aktivitetane som vi kan gjere på Nesholmen (fra kl. 11.00). 

Det er laga sti opp til utsikten bak Nesholmen for dei som vil klatre "litt" . kanskje er det kanopadletur og bading du vil gjere. og for dei som har lyst å rusle litt i på Nesholmen kan nytte frisbeegolf. Hesteskokastinga er mulig å prøve igjen etter gamalt. 

 Så samlast vi til middag med kaffibord kl 1400. 

Gudstenesta kl 1600 er brukt på familiesamlingane i Førde det siste året. Det er ei gudsteneste med enkel liturgi, mykje sang og stor deltaking av alle. 

Velkomen til ein fin dag for alle på Nesholmen leirstad!