Pappa-barn-helg 2018

Pappa-barn-helg 2018

Leir for fedre/mannleg foresatte med born i alle aldre!

Ikkje alle er klare for å gi slipp på sommaren etter skulen har starta igjen. Med Pappa-barn-helg forlenger vi sommaren med ei helg etter den første veka på skulen er unnagjort. 

Slik vil vi også ha det i år og inviterer til idylliske Kjeldsund leirstad. På ein slik plass er det sjølvsagt at vi er mykje ute med kanoar, kajakk og båt for å utforske skjærgarden omkring denne staden. Men også brettspel, song, andakt og konkurranser er med på programmet. Vi ønskjer nye og gamle leirdeltakarar velkomne! 

STAD: 

Kjeldsund leirstad som ligg i Herøy 

NÅR: 

Leiren startar fredag 25. august kl. 18.00.
Leiren er slutt søndag 27. august ca kl. 15.00. 

PÅMELDING: 

Trykk på påmeldingsknappen til høgre på denne sida og følg instruksjonen der.
Påmeldingsfrist: 14. august 2018 

PRISAR: 

Far: kr 1 050,-
Born nr 1: kr 600,- 
Born nr 2: kr 500,- 
Born nr 3: kr 400,-  
Born under 5 år får rabatt på kr 150,-
Innbetaling til konto 4137.10.04082. Merk innbetalinga med etternavn og "Pappa-barn-17" 

AVMELDINGSFRIST: 

Avmelding etter 17. august medfører avmeldingsgebyr på kr 100,- per person
Avmelding etter 21. august medfører betaling av heile deltakarbeløpet. 

PROGRAM: 

FREDAG:
Fra kl. 18.00 Frammøte
Kl. 19.00 Kveldsmat
Bli-kjent-samling
Kveldsbøn 

LAURDAG:
Morgonsamling
Utflukt
Uteaktivitetar: padling, fisking, bålgryte m.m. 
Kveldskos, ev. film
Kveldsbøn 

SØNDAG:
Gudsteneste
Uteaktivitetar
Middag
Heimreise ca kl. 15.00 

SPØRSMÅL? 

Kontaktperson for leiren: Christian Siejak, telefon: 417 37 911

Pappa-barn 2018 flyer.pdf

Filer for nedlasting