Refleks Ten Sing 40 år, jubileumsfeiring!

Refleks Ten Sing 40 år, jubileumsfeiring!

Refleks Ten Sing er 40 år i år, det må feirast! VELKOMNE til jubileumsfeiring i Vonheim 29. og 30. september!

Me ynskjer alle som har vore med, innom og rundt Refleks i desse førti åra; medlemmer, tilsette, ettåringar, volontørar, vaksenleiarar og heiagjeng, velkomne til jubileumsfeiring! Sett av helga, bestill billett til Voss, sprei ordet til din Refleks-generasjon – og gle deg til Refleks-helg! 

Hugs å melde deg på - klikk på lenka til høgre!

Laurdag 29. september, i vonheim

12.00 - 16.00 Korseminar med Mari Tesdal Hinze. Gratis, påmelding her https://goo.gl/forms/JpfM6fj9UtJnsGDn1

14.00 - 15.00 Ettermiddagskaffi, open for alle. Uformell henging i Holo, kaffi, mimring og skravling. 

18.00 – 22 Festkveld 

Tapas, kaffi og kaker 
Allsong. Kva hugsar me av Refleks-klassikarar? Raggen ved pianoet.
Sceneinnslag med 40års-kor og dagens Refleks 
God tid til mimring og prat rundt borda.
Garantert god stemning 
Etterpå held me ope i Vonheim, for mimring ut i dei små timane. Sistemann låsar. 

Påmelding. Pris: 250 kr (studentrabatt).

Sundag 30. september

Jubileumsgudsteneste i Vangskyrkja, med Mari Sønnesyn Berg, band og Refleks-preg. Kyrkjerestekaffi på kyrkjebakken 


Me treng din hjelp for å nå ut til 40 år med Refleksarar! Spre invitasjonen og ordet - me gler oss! 

RTS 40 år, invitasjon.pdf

Filer for nedlasting