Villmarksleir

Villmarksleir

For ungdom mellom 10-13 år som har lyst til å være med på årets villmarksleir. Det blir naturoppleving, fellefangst, fiske, toppturer, kart og kompass, utemat og uteaktiviteter.

Velkomen til ein villmarksleir i flotte omgjevander på Gaularfjellet. 

Atikkeltekst

KFUK-KFUM Villmarksleir er ein aktiv leir kor ungdom kan tilegne seg kunnskap om naturen gjennom praktiske oppgåver og oppleve aktivitetar ute i det fri. Vi ønsker å fokusere på formidling av kunnskap om natur og friluftsliv i tillegg til naturkjennskap og bærekraftig bruk av naturen. Vi er opptatt av at det skal være ein sosial leir kor ungdom med like interesser kan få møtes og verte kjent. Trivsel og samhald er viktig!

OPplegg for leiren

VI møtes på Holmevasshytta kl. 19.00 fredag for registrering og velkomst. Fredagskvelden bruker vi på å verte kjent med kvarandre, med hytta og litt om kart og kompass. Vi avsluttar fredagskvelden med ein kort liten fjelltur med hodelykt (frivillig). 
Laurdagen brukar vi saman med dyktige instruktørar frå Jeger og fiskeforbundet som gjev oss innføring i fellefangst, fiske, kart og kompass og luftgeværskyting. Laurdagskvelden kosar vi oss med god mat og hyggeleg samling rundt bålet og peisen inne.
Søndagen tar vi oss ein korte fjelltur før vi pakker saman og reiser heim med mange gode og flotte minner frå ein spanande leir på Holmevasshytta 2020. 

fellesskyss

Vi har oppmøte på Holmevasshytta fredag kl. 19.00. Dei som ynskjer å vere med på felles skyss møter opp på krins. kontoret til KFUK KFUM Sogn og Fjordane kl. 17.00 ( Kontoret ligg ved sidan av Thon Hotell Førde.) Det vert organisert fellesskyss opp fredag og retur søndag til Førde. Fellesskyssen kostar 300 kr. Meld deg på fellesskyssen ved påmelding. 

pakkeliste

Klær/ sko/ støvler til ute og innebruk (ta høgde for at vi er i norsk natur/ vær),  
Ryggsekk (regntrekk)
Hodelykt
Sovepose, laken (pute)
Toalettsaker 
1 stort og 1 lite Handkle (kanskje du vil bade?) 
Solkrem/solbriller
Sitteunderlag

påmelding

Trykk på den blå påmeldingsknappen og følg rettleiinga der.

corona

Vi vil utarbeide ein smittevernplan for turen slik at dei som melder seg på skal ha ein trygg og god leir. Denne informasjonen vert delt ut ved påmelding.