Vinterfestivalen på Voss 2018

Vinterfestivalen på Voss 2018

KFUK-KFUM Bjørgvin inviterer igjen til Vinterfestival på Voss. Dette blir ei helg fullspekka med scenesprell, kanonball, globalløp, show, gudsteneste, seminar, nye vennar, sang og musikk! Ta med deg sjølv, gruppa di og vennar og bli med på ei innhaldsrik og gøy helg på Voss!

Velkommen til Vinterfestivalen på Voss 2018. 

INFORMASJONSBROSJYRE, lederinfoskriv OG PROGRAM

Last ned informasjonsbrosjyren her:  Brosjyre_2.pdf

Last ned festivalprogram her: Program VF2018_ekstern_siste versjon.docx

Last ned Informasjonsskriv til ledere her: Informasjonsskriv Vinterfestivalen 2018.pdf

PAKKELISTE 

  • Sovepose 
  • Liggeunderlag (dobbeltmadrass = to stykke må dele)
  • Toalettsaker og handduk
  • Treningstøy (til kanonballturnering og globalløp)
  • Utstyr og klede til seminar
  • Det du elles treng av klede, medisin etc 
  • Varmt tøy! Det kan vere kaldt og snø på Voss i februar...


SEMINAR 

Mange av seminara har avgrensa med plassar, så ver tideleg ute med å melde deg på til leiaren din. Ein er ikkje garantert å få førstevalet sitt, derfor er det viktig at vi får inn både første- og andreval for seminarønskje. 


Foreløpig seminarliste - det kan kome endringar: 

Bading i Vossabadet (kostar 95 kr pr. person)

Band

Boblefotball og gagaball (utandørs)

Brettspel

Dans nybyrjar

Dans vidarekomne

Direksjon vidarekomne

Drama nybyrjar

Drama vidarekomne 

Felleskor

Foto

Førstehjelp

HobbY Kreativ

Musikalsk leiing

Showseminar

Sjekkeseminar

Ski alpint (kostar 325 kr. inkl. transport)

Ski langrennstur

Solist nybyrjar

Solist vidarekomne

Speiding (utandørs)

SportY

Stomp

Teknikk lyd

Teknikk lys

Teknikk video

Ultimate Ten Sing

Verden er urettferdig! (kampanjeverksted med CFC)

Verden rundt på et seminar! (kulturelt verksted med CFC)

Volleyball 


Her kan du laste ned ei oversikt med seminarskildringar som forklarer kva dei ulike seminara er : Seminarskildringar-VF18_web.pdf

SKIKORT 

For dei som ønskjer å stå på ski (alpint) kjem skikort i tillegg til festivalpass. Skikort, inkludert skibuss tur/retur Bavallen er 325 kr. Dette betalast saman med deltakaravgift.

Ein kan anten ha med seg eigne ski/snøbrett, eller leige dette i Bavallen. Sjå vossresort.no for informasjon om skiutleige.

Bading i Vossabadet

Nytt av året er at dei som ønskjer det kan dra på bading i Vossabadet i seminartida. Vi har maks 50 plassar tilgjengeleg for festivaldeltakarar. Badebillett kostar 95 kr pr. person. Dette betalast saman med deltakaravgift.


PÅMELDING 

Påmeldinga åpnar i midten av desember og skjer i KFUK-KFUM Connect ved at ansvarleg vaksenleiar i meldar på sine deltakarar. Ingen kan melde seg på festivalen utan tilknytning til gruppe/ kyrkjelyd som deltar på festivalen. Bruk den blå påmeldingsboksen som du ser til høgre i skjermbiletet. 

Både deltakarar, leiarar, leiarkursdeltakarar og medarbeidarar (etter avtale) skal meldast på. 

Tidlegfrist for påmeldingsfrist er 20.januar. Etter dette vert festivalpasset 100 kr dyrare så framt det framleis er ledige plass. 

Siste frist for påmelding er 1.februar.

AVMELDING 

Ved avmelding før 31.januar må ein betale 50% av deltakaravgifta. Ved avmelding etter 1.februar vil deltakaravgift kun refunderast ved framvisning av legeerklæring.


FESTIVALPASSPRIS 

MEDLEMMAR I KFUK-KFUM: 

Festivalpass: 765 kr + eventuell fellesreise og skikort/badebillett ved påmelding før 19.januar. Etter 19.januar er prisen 865 kr. 

IKKJE-MEDLEMMAR: 

Festivalpass: 1015 kr + eventuell fellesreise og skikort/badebillett ved påmelding før 19.januar. Etter 19.januar er prisen 1115 kr. 

MELD DEG INN I KFUK-KFUM og få alle våre festivalar, nattcupar og leirar til medlemspris. Les meir om medlemsskapsføremonn her:  https://kfuk-kfum.no/bli-med/bli-medlem/medlemsfordeler


Betaling for festivalen:

Ansvarleg vaksenleiar vil i etterkant av festivalen få tilsendt ein samlegiro for si gruppe der ein betaler samla inn til KFUK-KFUM Bjørgvin. Vi fakturerer då deltakaravgift (festivalpass), og eventuell fellesreise, skikort og badebillett på same giro. Det vil vere spesfisert kva produkt den einskilde deltakar og leiar skal betale for. 


FELLESREISE 

Vi set opp fellesreisebussar frå Bergen og omegn. 

Pris for fellesreisa er 265 kr per person (tur/retur). 

Bussane køyrer same trase tilbake på søndagen. Oppmøte 15 minutter før avgang! 

Hver enhet må ha med seg minimum en leder over 18 år på bussen som er ansvarlig for deltakerne. 

KUN 1 KOLLI pr person (fortrinnsvis bag/ryggsekk) + håndbagasje og evt. skiutstyr.

Mat, samt brus, chips og annet snop er forbudt på bussen! Kun vannflaske er tillat!


AVGANGSTIDER (MED ATTERHALD OM TRAFIKKFORSIKINGAR) 

Info kjem i løpet av januar.


GLOBALAKSJON

Pengane som blir samla inn går til KFUK-KFUM sitt Globalaksjonsprosjekt som i år er KFUK Sri Lanka.

Les meir her om Globalaksjonen 

GLOBALMARKNAD 

På globalmarknaden oppmodar vi alle grupper til å stille med eitt eller fleire innslag/ aktivitetar. 

Last ned idear til innslag på globalmaknaden her: Forslag til aktiviteter på Globalmarked 2018.pdf

GLOBALLØP 

Før Globalløpet må du finne deg sponsorar som vil sponse deg, og fylle ut sponsorskjemaet (anten på papir eller via mottatt link på sms). Sponsorane dine kan anten gi eit fast beløp uavhengig av kor langt du løper, eller eit beløp per runde du løper. Jo meir du løper, jo meir samlar du inn. Giro blir sendt ut til sponsorane i etterkant av løpet. Dei kan anten betale med VIPPS eller giro i nettbanken. 

Vi håper at du vil bruke kreativiteten din under globalløpet: Kven vil vel ikkje sponse nokon som skal gå i «trillebår», planke, krype, danse, slå hjul, hoppe baklengs eller hinke heile globalløpet? 

Vi kårar flest rundar, mest innsamla pengar og mest kreativ innslag! 

Last ned informasjonsskriv som forklarar kva globalløp og globalmarknad er her:  Hva er Globalløp og Globalmarked 2018.pdf

Last ned sponsorskjema her: Sponsorskjema for Globalløp 2018.pdf


KANONBALLTURNERING FREDAGSKVELD 

Tradisjonen tru blir det kanonballturnering på fredagskvelden. Vi håper at alle grupper stiller med lag i turneringen! Dette blir kjekt! :-) Vi kårer også beste heiagjeng! Her er det lov å vere kreativ - slepp fantasien laus! 

Last ned reglane for kanonballturneringen her: Kanonballturnering_info og regler 2018.pdf


FØLG OSS I SOSIALE MEDIER 

Snapchat: vfvoss 

Instagram: Bjørgvin KFUK-KFUM og bruk #vf18voss 

Facebook: facebook.com/VinterfestivalenPaaVoss 


SPØRSMÅL? 

Ta kontakt med kretssekretær/ dagleg leiar i KFUK-KFUM Bjørgvin Alice J. Vatnehol på 55606070/ 98667869 eller bjorgvin@kfuk-kfum.no


Mimre tilbake fra Vinterfestivalen 2017 og les reportasjen frå festivalen her:

Les reportasje fra VInterfestivalen på Voss 2017

Vinterfestivalen på Voss: - En av de kjekkeste leirene jeg har vært på!

Vinterfestivalen på Voss gir ungdom en helg stappet med show, sang og ...