Vinterfestivalen på Voss 2019

Vinterfestivalen på Voss 2019

KFUK-KFUM Bjørgvin inviterer igjen til Vinterfestival på Voss. Dette blir ei helg fullspekka med scenesprell, kanonball, globalløp, show, gudsteneste, seminar, nye vennar, sang og musikk! Ta med deg sjølv, gruppa di og vennar og bli med på ei innhaldsrik og gøy helg på Voss! Påmeldinga åpner 17/12.


Velkommen til Vinterfestivalen på Voss 8.-10.februar 2019

INFORMASJONSBROSJYRE, LEDER-INFOSKRIV OG PROGRAM 

Last ned informasjonsbrosjyren her: Brosjyre19_v2.pdf

Last ned festivalprogram her:  Program Vinterfestivalen 2019.pdf

Last ned Informasjonsskriv til ledere her: kommer i januar 2019


PÅMELDING 

Påmeldinga åpnar i midten av desember og skjer i KFUK-KFUM Connect ved at ansvarleg vaksenleiar og/eller påmeldingsansvarleg meldar på sine deltakarar. Ingen kan melde seg på festivalen utan tilknytning til gruppe/ kyrkjelyd som deltar på festivalen. Bruk den blå påmeldingsboksen som du ser til høgre i skjermbiletet. 

Både deltakarar, leiarar, leiarkursdeltakarar og medarbeidarar (etter avtale) skal meldast på. 

Tidlegfrist for påmeldingsfrist er 18.januar. Etter dette vert festivalpasset 150 kr dyrare, så framt det framleis er ledige plassar. Siste frist for påmelding er 27.januar. 

AVMELDING

Ved avmelding før 27.januar må ein betale 50% av deltakaravgifta. Ved avmelding etter 27.januar vil deltakaravgift kun refunderast ved framvisning av legeerklæring. 


FESTIVALPASSPRIS 

MEDLEMMAR I KFUK-KFUM: 

Festivalpass: 800 kr + eventuell fellesreise og skikort ved påmelding før 18.januar. Etter 18.januar er prisen 950 kr. 

IKKJE-MEDLEMMAR: 

Festivalpass: 1100 kr + eventuell fellesreise og skikort ved påmelding før 18.januar. Etter 18.januar er prisen 1250 kr. 

MELD DEG INN I KFUK-KFUM (denne linken er for direktemedlemsskap i KFUK-KFUM Bjørgvin krest) og få alle våre festivalar, nattcupar og leirar til medlemspris. Viss ein heller ønskjer medlemsskap i ei av dei lokale gruppene våre (Ten Sing, klubb, konfirmantgruppe etc), så finn du kontaktinformasjon her.

Les meir om medlemsskapsføremonn her


BETALING FOR FESTIVALEN

Ansvarleg vaksenleiar vil i etterkant av festivalen få tilsendt ein samlegiro for si gruppe der ein betaler samla inn til KFUK-KFUM Bjørgvin. Vi fakturerer då deltakaravgift (festivalpass), og eventuell fellesreise og skikort på same giro. Det vil vere spesfisert kva produkt den einskilde deltakar og leiar skal betale for. Giroen blir sendt ut som sms og e-post.


Fakturaadresse

Dersom gruppa/ kyrkjelyden har eiga fakturaadresse/ fakturamottak slik at giro skal sendast direkte til rekneskapsførar/ økonomiansvarleg, så ber vi om at dette blir informert om ved påmelding. Då vil giro gå direkte til fakturamottakar, og ikkje som sms og e-post til ansvarleg vaksenleiar.


FELLESREISE

Vi set opp fellesreisebussar frå Bergen og omegn. Pris for fellesreisa er 275 kr per person (tur/retur). Bussane køyrer same trase tilbake på søndagen. 

Vi kan tilby følgjane påstigningsplassar (minimum 15 stykke som vel påstigning ved påmelding for at busstoppet blir satt opp):

Bergen busstasjon

Nesttun v/bensinstasjonane 

Osøyro terminal

Storavatnet terminal 

Åsane terminal


Oppmøte 15 minutter før avgang! Alle grupper må ha med seg minimum ein leiar over 18 år på bussen som er ansvarleg for deltakarane. KUN 1 KOLLI pr person (fortrinnsvis bag/ryggsekk) + håndbagasje og evt. skiutstyr. Mat, samt brus, chips og anna snop er forbode på bussen! Kun vannflaske er tillate! 


AVGANGSTIDER (MED ATTERHALD OM TRAFIKKFORSIKINGAR) 

Info kjem i løpet av januar.


SEMINAR

Mange av seminara har avgrensa med plassar, så ver tideleg ute med å melde deg på til leiaren din. Ein er ikkje garantert å få førstevalet sitt, derfor er det viktig at vi får inn både første- og andreval for seminarønskje. 


FORELØPIG SEMINARLISTE - DET KAN KOME ENDRINGAR: 

Band

Brettspel

Dans nybyrjar

Dans vidarekomne

Direksjon nybyrjar

Drama nybyrjar

Drama vidarekomne

Felleskor

Forkynning og kvardag

Foto

Førstehjelp

Handelsspel og klimadialog

HobbY Kreativ

Improteater

Kvilepuls

Menneskerettsseminar (i regi av Rafto-stiftelsen)

Mot utan grenser

Musikalsk leiing

Sjekkeseminar

Sjølvforsvarskurs

Ski alpint (kostar 330 kr. inkl. transport)

Ski langrennstur

Solist 

Speiding (utandørs)

SportY

Teknikk lyd

Teknikk lys

Teknikk video

Unge Vaksne 18+

Vokalgruppe (for vidarekomne)

Volleyball 


Her kan du laste ned ei oversikt med seminarskildringar som forklarer kva dei ulike seminara er:  seminarskildringar VF2019.pdf


SKIKORT

For dei som ønskjer å stå på ski (alpint) kjem skikort i tillegg til festivalpass. Skikort, inkludert skibuss tur/retur Bavallen er 330 kr. Dette betalast saman med deltakaravgift. Dersom nokon har sesongkort frå før, hugs å melde i frå om dette ved påmelding. 

Ein kan anten ha med seg eigne ski/snøbrett, eller leige dette i Bavallen. Sjå vossresort.no for informasjon om skiutleige.


PAKKELISTE 

  • Sovepose 
  • Liggeunderlag (dobbeltmadrass = to stykke må dele) 
  • Toalettsaker og handduk 
  • Treningstøy (til kanonballturnering og globalløp) + evt. kostymer
  • Utstyr og klede til seminar 
  • Det du ellers treng av klede, medisin etc 
  • Varmt tøy og vintersko! Det kan vere kaldt og snø på Voss i februar...
  • Innesko/ tøfler til bruk i hallen (yttersko-forbod inne i Idrettshallen)
  • Drikkeflaske og matboks


GLOBALAKSJON

Pengane som blir samla inn går til KFUK-KFUM sitt Globalaksjonen sine prosjekt i KFUK Sør-Sudan. Globalaksjonen fokuserer på ungdom sine rettar og medverknad. Hovudsatsingsområda er barn og unge som fredsbyggjarar, utdanning, musikk & idrett, traumebehandling (rådgivning og terapi), skape møteplassar og å byggje fred innanfrå. Les meir her om Globalaksjonen


GLOBALMARKNAD 

På globalmarknaden oppmodar vi alle grupper til å stille med eitt eller fleire innslag/ aktivitetar. Last ned idear til innslag på globalmaknaden her: Forslag til aktiviteter på Globalmarked 2019.pdf


GLOBALLØP

Før Globalløpet må du finne deg sponsorar som vil sponse deg, og fylle ut sponsorskjemaet (anten på papir eller via mottatt link på sms). Sponsorane dine kan anten gi eit fast beløp uavhengig av kor langt du løper, eller eit beløp per runde du løper. Jo meir du løper, jo meir samlar du inn. Giro blir sendt ut til sponsorane i etterkant av løpet. Dei kan anten betale med VIPPS eller giro i nettbanken. Vi håper at du vil bruke kreativiteten din under globalløpet: Kven vil vel ikkje sponse nokon som skal gå i «trillebår», planke, krype, danse, slå hjul, hoppe baklengs eller hinke heile globalløpet? Vi kårar flest rundar, mest innsamla pengar og mest kreativ innslag! 

Last ned informasjonsskriv som forklarar kva globalløp og globalmarknad er her: Hva er Globalløp og Globalmarked 2019.pdf

Last ned sponsorskjema her: Sponsorskjema for Globalløp 2019.pdf


KANONBALLTURNERING FREDAGSKVELD

Tradisjonen tru blir det kanonballturnering på fredagskvelden. Vi håper at alle grupper stiller med lag i turneringen! Dette blir kjekt! :-) Vi kårer også beste heiagjeng! Her er det lov å vere kreativ - slepp fantasien laus! 

Last ned reglane for kanonballturneringen her: Kanonballturnering_info og regler 2019.pdf


FØLG OSS I SOSIALE MEDIER

Snapchat: vfvoss

Instagram: Bjørgvin KFUK-KFUM og bruk #vf19voss

Facebook: facebook.com/VinterfestivalenPaaVoss


SPØRSMÅL?

Ta kontakt med kretssekretær/ dagleg leiar i KFUK-KFUM Bjørgvin Alice J. Vatnehol på 55606070/ 98667869 eller bjorgvin@kfuk-kfum.no