VinterTreff 2020 i Ulsteinvik

VinterTreff 2020 i Ulsteinvik

Alle ungdommar mellom 13 og 19 år inviterast til VinterTreff i Ulsteivik helga 7. - 9. februar 2020.

I år er det Ulstein TenSing sin tur å invitere til VinterTreff og ungdommar i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane er velkomne til tidenes ungdomsfestival helga 7. - 9. februar 2020.
Ten Sing Norway kjem! Kjem du?

Ulstein TenSing og KFUK-KFUM Møre og Romsdal er saman om å planlegge Vintertreff 2020. Planlegginga er godt i gang og det blir knallbra! Og i år blir det ekstra kjekt sidan vi skal ha felles VT for dei to nabokrinsane, Møre og Romsdal krins og Sogn og Fjordane krins. 

Tema for årets VinterTreff er: 

GOD TID

LITT OM PROGRAMMET 

Det vert 2 høgdepunkt denne helga. Ten Sing Norway sitt show blir knallbra. Og Ten Sing showet blir sikkert ikkje noko dårlegare, der alle gruppene på VT kan få opptre. 

Vi kan love mange spennande seminar å velje mellom, som både Ten Sing Norway og lokale seminarhaldarar skal stå for. 

Elles vert det ei helg fullspekka med scenesprell og show, turnering, fokustime, gudsteneste, nattønske og mange moglegheiter til å bli kjend med nye folk. 

Helga startar med registrering frå kl. 18.00 på fredagen og opningsshow kl. 19.30, og sluttar med avslutningshow på søndagen. Vi er ferdig seinast kl. 14.00 på søndagen. 

TEN SING SHOW

 Alle Ten Sing-grupper og einingar som ynskjer det, skal få høve til å opptre på det store Ten Sing showet laurdagskvelden! 

Vi ynskjer å få beskjed frå gruppene så fort som råd, så ta kontakt dersom de vil vise oss andre kva de øver på denne hausten/vinteren.

Før jul vil det bli sendt ut ein link til einingane, der informasjon om opptreden skal meldast inn. Det gjelder kva type opptreden det skal være, ca kor mange som skal være med opp opptredenen, kva bandet eventuelt består av osv.

INFORMASJON 

I tillegg til informasjon her på nettsida, vert det sendt ut brosjyre og invitasjon på e-post. 

Invitasjonen går ut til TenSing-grupper, ungdomsgrupper og andre KFUK-KFUM enheter, KFUK-KFUM speidergrupper, menigheter og alle ungdomar som har lyst å være med. 

Få med gruppa di eller vener og bli med på ei innhaldsrik og morosam helg i Ulsteinvik! 

Informasjonsskriv blir utsendt på e-post til alle påmeldte grupper og enkeltpåmeldte ca 1 uke før arrangementet. 

ellers følg med på:

Instagram: www.instagram.com/godtid2020 

Facebook: www.facebook.com/godtid2020

PÅMELDING: 

Enkeltdeltakarar: bruk påmeldingsknappen på denne sida. 

Er du med i ei gruppe? Meld deg på til din voksenleiar, som så meldar alle på samla i Connect. 

Einingar/grupper som ikkje har tilgang til KFUK-KFUM Connect, tar kontakt med krinskontoret på moro@kfuk-kfum.no og får tilsendt innloggingsinformasjon. 

OBS! Viktig å registrere e-postadresse i påmeldinga! 

Påmeldingsfrist: helst før jul, men seinast 15. januar 2020 

Avmeldingsfrist: 21. januar 

Avmelding etter dette medfører eit avmeldingsgebyr på kr 300,- 

Avmeldingar dei siste dagane før helga må medregne full betaling. 

Husk å melde inn i påmeldinga om eventuelle matallergiar eller om det er andre hensyn som må tas.

DELTAKARPRISAR: 

KFUK-KFUM medlemmar (inkl. Speidarar): kr 900,-

Ikkje medlemmar: kr 1000,- 

Konfirmantar: kr 900,- 

Grupper: kr 450,- for 1 leiar per 10 deltakarar

Ekstra leiarar: kr 650,-