ikon Min Connect

Barnehageassistent med kjøkkenansvar på Voss,15 prosent stilling

Publisert: 29. november 2022
Sist oppdatert: 30. november 2022




Voss KFUK-KFUM er ein hovudforeining i Noregs KFUK-KFUM. Voss KFUK-KFUM eig og driv huset Vonheim på Vossevangen. Foreininga har tilsett ein dagleg leiar, styrar og assistent i den opne barnehagen, reinhaldar og ein internasjonal volontør som saman med fantastiske frivillige driv tilbod og aktivitetar for alle generasjonar i bygda.


I Vonheim Open Barnehage treng me no ein motivert

Barnehageassistent med kjøkkenansvar i 15 prosent stilling

Vonheim Open Barnehage er eit viktig og populært tilbod for born og foreldra deira på Voss. Ein Open Barnehage skil seg frå andre barnehagar med at borna ikkje vert tildelt fast plass, men kjem til barnehagen saman med ein omsorgsperson til dei dagar og tider dei sjølv ønskjer. Barnehagen er offentleg godkjent og vert driven etter lov, forskrift og rammeplan om barnehagar. Vonheim Open Barnehage er godkjend for 40 born mellom 0 og 5 år.

Måltidsfellesskap er ein viktig del av livet i Open Barnehage, og no søker me etter deg som kan vere med og legge til rette for dette. I assistenten sine arbeidsoppgåver inngår førebuing av føremiddagsmat, baking av «noko attåt», og rydding etterpå, samt deltaking elles i den praktiske og pedagogiske drifta av barnehagen. 

Arbeidsdag måndag og onsdag i skuleåret, mellom klokka 10.00 og 13.15. Det er moglegheit for ekstra timer ved spesielle arrangement.

Tiltreding snarast. 


Me søkjer deg som 

  • Likar å delta i praktisk og kreativt arbeid saman med born.

  • Har gode samarbeidsevner med store og små, er serviceinnstilt og open.

  • Evner å skape trygge, gode rammer for både born og vaksne. 

  • Er fleksibel og løysingsorientert, til beste for born og vaksne.

  • Er glad i menneske, engasjert, sjølvstendig og initiativrik.

  • Kommuniserer godt på norsk, men fint med flerspråklighet.

  • Kan identifisere seg med Norges KFUK-KFUM sine mål for arbeidet.

Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der ingen dagar er like.

  • Eit fargerikt og levande fellesskap saman med born og vaksne. 

  • Kjekke og givande arbeidsoppgåver i eit hus med mykje liv og aktivitet. 

  • Løn etter tariff og ryddige tilsetjingsforhold gjennom Noregs KFUK-KFUM. 

Personlege eigenskapar vil verte tillagt vekt og utvida politiattest må leggjast fram ved tiltreding.

KFUK-KFUM ønsker å gjenspeile mangfoldet av barn og unge som vi jobber med og for. Vi ønsker medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiver for å bidra til enda bedre oppgaveløsning. Mangfold er en ressurs vi vil bruke i alle ledd i vår organisasjon. Vi oppfordrer derfor kvalifiserte kandidater til å søke, uavhengig av funksjonsevne, alder, kjønn, religion, etnisitet og seksuell orientering. Vi er alle en del av mangfoldet.

Søknad med CV sendast innan 12.12.2022 til ingrid2@kfuk-kfum.no

Spørsmål om stillinga kan rettast til styrar Kariann Slettemark på tlf. 936 63 803 eller dagleg leiar Ingrid Tønnessen på tlf. 480 31 200.



til toppen
Ikon

Vi bruker informasjonskapsler for å samle brukerstatistikk fra nettsiden vår. Statistikken benytter vi for å gjøre brukeropplevelsen på nettsiden bedre. Les mer