ikon

Programutviklar for unge i kyrkja i Bjørgvin 100 %, 3-årig prosjektstilling

Bjørgvin bispedøme og KFUK-KFUM søkjer deg som vil bidra i utviklinga av konfirmantleir/festival, leiarutvikling og lågterskel møteplassar for unge i nær kontakt med målgruppa og kyrkjelydar. Vi søkjer deg som er initiativrik, har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar og erfaring frå barne- og ungdomsarbeid.


Bjørgvin bispedøme og KFUK-KFUM i samarbeid:

Bjørgvin Bispedøme og KFUK-KFUM har inngått eit 3 årig prosjektsamarbeid retta mot konfirmantar og ungdomsarbeid i kyrkjelydane. Saman ønskjer vi ei felles satsning på konfirmantar og utvikling av møteplassar for unge.

I Bjørgvin Bispedøme sin strategiplan heiter det  at “Kyrkja skal vera ein meiningsfull arena for ungdom og unge voksne der dei kan 

  • vere - og finne trygge og gode møteplassar

  • skape - og bruke sine eigne kulturelle uttrykkformer

  • bere - og verte engasjerte for menneskeverd, klima og rettferd

  • tru  - ved å delta aktivt i gudstenester og fellesskap.” 

KFUK-KFUM Noreg er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som kjempar for unge menneske sin rett til å leve og utvikle seg som heile menneske. Vi er leiande på opne og trygge fellesskap med våre 30.000 deltakarar og 400 grupper, samt ulike verksemder som Opne barnehagar, Kulturskule, Forandringshus og Folkehøgskular. Vi vil hjelpe menneske å leve og vekse i trua på Jesus Kristus og mellommenneskeleg forståing, samt utfordre til engasjement og handling i kyrkje og samfunn, lokalt og globalt. KFUK-KFUM har lang erfaring med å utvikle og arrangere konfirmantleirar, leiarutvikling og lågterskel møteplassar. 

 Sentrale arbeidsoppgåver:  

  • Utvikle og arrangere konfirmantleir/festival i samarbeid med kyrkjelysar basert på KFUK-KFUM sine erfaringar med Camp Norefjell og Camp Connected. 

  • Utvikle integrert leiarutvikling som ein del av konfirmantleir/festivaltilbodet for fjorårskonfirmantar i samarbeid med kyrkjelydane. 

  • Styrke og etablere lokale ungdomstilbud tilpassa dei unge sine interesse og behov (klubb, Ten Sing, opne møteplassar) og fellesskapsarenaar på tvers av kyrkjelydar.

  • Utvikle verktøy for etablering av lågterskel ungdomstilbud (klubb) til bruk i kyrkjelydar.

For stillinga:

Vi søkjer deg som; 

  • Likar å jobbe med unge og gje dei mogelegeheita til å vekse og utvikle seg som heile menneske.

  • Har gode samarbeidseigenskapar, men som samstundes kan jobbe sjølvstendig og strukturert.

  • Gjerne har erfaring frå KFUK-KFUM og/eller Den norske kyrkja

  • Har relevant høgare utdanning eller dokumentert arbeidserfaring.

  • Har kjennskap til det kyrkjelege landskapet og er ein nettverksbyggjar.

  • Har god munnleg og skriftleg kommunikasjon.

 Vi kan tilby:

  • Ein jobb med store faglege og personlege utviklingsmogelegheiter.

  • God og lærerik fellesskap med kollegaar i kyrkje og organisasjon. 

  • Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med arbeid ein del ettermiddag/kveld/helg, men med mogelegheit for avspasering.

  • Løn i henhold til  tariffavtale og  gode forsikrings- og pensjonsordningar.

 

Stillinga er ei samarbeidsstilling mellom Bjørgvin bispedømeråd og KFUK-KFUM. Den som vert tilsett vil ha KFUK-KFUM Noreg som arbeidsgjevar. Prosjektet vert koordinert av ei styringsgruppe og arbeidsleiinga av stillinga er lagt til teamleiar for Program- og organisasjonsutvikling i KFUK-KFUM. 

Kontorplass er i KFUK-KFUM sine kontor på NK4 i Bergen. 

 For ytterlegare informasjon om prosjektet kan du kontakte teamleiar  for Program og utvikling Hanne Fjørtoft (tlf: 980 50 080, e-post: hanne.fjortoft@kfuk-kfum.no).

 

Søknad med CV sendes: personal@kfuk-kfum.no

Søknadsfrist:  11.01.2022

 

 

 

til toppen
Ikon