Denne veka stemte eit stort fleirtal på Stortinget for å redde avhopparprogrammet til KFUK-KFUM. – Det hastar for oss at regjeringa følger opp, seier generalsekretær Øivind Mehl Landmark.
Assisterande generalsekretær Anne Marte Skaland, og leiar for avhopparprogrammet Lasse Richardt feira gjennomslag på Stortinget saman med Hans Edvard Askjer (Krf) og Mari Holm Lønseth (H). Foto: Lars Håberg OttesenSidan programmet starta for fem år sidan, har åtte personar har gjennomført programmet. I dag er alle i jobb eller utdanning, og er busett langt frå tidlegare kriminelle mijø.
Ingen som har gjennomført programmet har falle tilbake til sine gamle roller. Programmet har i dag ei venteliste med motiverte kandidatar.
Samfunnsøkonomi
I følge generalsekretær Øivind Mehl Landmark er avhopparvirksomheit god bruk av offentlege midlar.
– Ein rapport frå Oslo Economics i 2023 viser at samfunnet sparar om lag 30 millionar kroner for kvar person som lykkast med å komme seg ut av kriminalitet. Reknestykket er tydeleg: 1,5 millionar investert i ein motivert avhoppar er 30 millioner spart for samfunnet.
For å drifte vidare treng KFUK-KFUM ei årleg grunnfinansiering på fem millionar kroner.
Vidare finansiering må vere sikra innan første august for at programmet ikkje skal bli avvikla, og for at KFUK-KFUM Norge skal unngå milliontap.
Tilsett i avhopparprogrammet Shahid Rasool, generalsekretær Øivind Mehl Landmark og leiar for avhopparprogrammet Lasse Richardt på Stortinget i januar.Stort fleirtal på Stortinget
På Stortinget var det berre Arbeidarpartiet og Raudt som stemte i mot forslaget som sikrar ei føreseieleg finansiering av nasjonale avhopparprogram. Stortinget ber også regjeringa om å forhindre at programmet leggast ned fram til dette er på plass.
– Vi er glade for at eit stort fleirtal på Stortinget ønsker å forhindre at det livsviktige avhopparprogrammet blir lagt ned. Vi ser fram til dialog med justis- og beredskapsministeren om korleis finansieringa skal sikrast i praksis. No hastar det dersom vi skal klare å redde programmet, seier Landmark.
Langsiktigheit
Under debatten i Stortinget synte justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen til at tilskot til nasjonale avhopparprogram bør skje gjennom opne og søkbare ordningar. Dette er vi heilt samde i, men ordninga som finst i dag gir berre tilskot for eit år om gongen. Kriminalitetsbekjemping gjennom avhopparprogram treng meir langsiktigheit enn dette.
Fram til første august vil KFUK-KFUM Norge oppretthalde drifta av programmet med eigne oppsparte midlar.
No må regjeringa må følge opp vedtaket, og regjeringa må følge opp vedtaket fort.
Nytt håp for avhopperprogrammet (28.01.2026)