Vi kunngjer med dette søknadsfristen til KFUK-KFUM Bjørgvin Lederfond i år er satt til 14.juni 2022.
Tildelingar frå fondet skjer i samsvar med legatet sitt opphavlege føremål. Søknadar til leiarkurs og leiarutviklingstiltak som vil vere til styrking av og inspirasjon for det lokale barne- og ungdomsarbeidet i kretsen får prioritet. Søkjar må ha ei aktiv tilknytning til kretsen og vere medlem av KFUK-KFUM. Både grupper, foreiningar, medlemmar og tiltak/prosjekt/ arrangement kan søkje. Det prosjektet/kurset/ tiltaket ein søkjar stønad til må ha oppstart i løpet av 2022. Vi tar sikte på å sende ut svar på søknadar før 1.juli.
Søknadsskjema kan lastast ned her
Dersom du ønskjer å fylle ut søknadsskjemaet som eit google docs, så må du først lage ein kopi av dokumentet. Dette gjer du ved å gå til "Fil - lag en kopi - lagre dokumentet” i "min disk" eller ønska mappe. Husk å legge inn søkjarnamn i dokumenttittelen. Dokumentet kan også lastast ned som wordfil.
Søknadar sendast inn til bjorgvin@kfuk-kfum.no
Ta gjerne kontakt med dagleg leiar, Alice J. Vatnehol, på mob.nr. 98667869 eller e-post alice@kfuk-kfum.no om det skulle vere spørsmål.