KFUK-KFUM Sogn og Fjordane søkjer programarbeider i 50 % fast stilling

KFUK-KFUM Sogn og Fjordane søkjer programarbeider i 50 % fast stilling

KFUK-KFUM er ein landsdekkande kristen barne- og ungdomsorganisasjon med over 15 000 medlemmer og 500 einingar. Føremålet til KFUK-KFUM er å utvikle og ta ansvar for heile mennesket med ånd, sjel og kropp. Vi vil hjelpe menneske å leve og vekse i tru på Jesus Kristus og mellommenneskeleg forståing, samt utfordre til engasjement og handling i kyrkje og samfunn, lokalt og globalt. Slagordet vårt er: Ver deg sjølv. Stå opp for andre. KFUK-KFUM er ein del av ei global rørsle gjennom medlemskap i World YWCA og World Alliance of YMCA.

Stillinga omfattar barne- og ungdomsarbeid, der ungdomsarbeidet er tillagt størst vekt. Sogn og Fjordane krins har høgt aktivitetsnivå med eit breitt tilbod til dei ulike einingane. Krinsen eig Nesholmen leirstad som er ein sentral samlingsplass. 

Stillinga har varierte arbeidsoppgåver etter interesse, kvalifikasjonar og behov. 

sentrale oppgåver vil vere:

  • Planlegging og gjennomføring av krinsen sine arrangement til dømes leir, festivalar, nattcupar mm
  • Kontakt med frivillige
  • Administrative oppgåver i samarbeid med dagleg leiar

kvalifikasjonar:

  • Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og ha erfaring med liknande barne- og ungdomsarbeid
  • Søkjar bør kunne skrive nynorsk
  • Søkjar må arbeide i samsvar med Norges KFUK-KFUM sin visjon, ideologi og verdiar
  • Ha sertifikat klasse B/bil

Du får: 

Ein spennande og variert jobb i ein aktiv og godt fungerande krins. Vi har mange einingar, eit stort nettverk av frivillige og mange godt etablerte, årvisse arrangement. Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med ein del arbeid på ettermiddag/kveld og i helgar, men med moglegheiter for å avspasere i rolegare periodar, t.d. i skuleferiar. Løn i samsvar med Norges KFUK-KFUM sitt regulativ. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. 

Programarbeidar har kontorplass på krinskontoret i Førde. Dagleg leiar i krinsen er næraste overordna. 

Førde er eit vekstsenter i Sogn og Fjordane, omkransa av flott natur og 13.000 innbyggjarar. Her er sentralsjukehus, høgskule og eit mangfaldig kultur- og servicetilbod. 

Tilsetting vil skje snarast råd etter avtale med jobbsøkjar. Stillinga vert løna etter Norges KFUK-KFUM sitt regulativ. Politiattest må leggjast fram. 

Nærare informasjon hos dagleg leiar Bente Christin Eriksen tlf.:911 73 079/mail: bente.christin.eriksen@kfuk-kfum.no


Søknad med CV sendast til: sfj@kfuk-kfum.no 

Søknadsfrist: 20.08.19