Vonheim Open Barnehage

Velkommen til Vonheim Open barnhage - ein møtestad for vaksne og born på Voss!  

Vonheim Open Barnehage er eit tilbod til deg som har ansvar for born i førskulealder og som ynskjer å møte andre i same situasjon. Barnehagen er eit pedagogisk tilbod, leia av førskulelærar og her du kan få informasjon, råd og veiledning om barns utvikling og oppvekst. Me vektlegg god leik, kjekke aktivitetar og triveleg samvær med andre born og vaksne. 

Borna har god plass å leike på og kjekke leiker, og me har kaffi og stolar til dei vaksne. 

 Barnehagen er open for alle, det er ingen påmelding og du kan komme og gå når det passar. Dei som har høve betalar 20 kroner pr gong for mat og hobbyutstyr. 

Opningstider

 Vonheim Open Barnehage er open kvar måndag og onsdag i skuleåret, frå kl 09.00 til kl 15.00. Kvar torsdag er me på tur - sjå facebooksida vår for oppdatert program og oppmøtetider.

dagsplan måndag og onsdag

09.00 Fri leik i salen 

10.00  Hobbystund 

11.00 Songstund 

11.30 Felles formiddagsmat. Ta med matpakke, me syter for kaffi, te, juice og av og til noko attåt. Ein gong i månaden bakar me rundstykker til smørelunsj.

15.00 Barnehagen stenger


Vonheim Open Barnehage vert driven av Voss KFUK-KFUM og held til i Vonheim i Hestabakkvegen 1. 

Hjarteleg velkommen til oss!


Besøk vår Facebookside for oppdatert program og meir informasjon!