Oppdatering frå Pappa-barn-helg 2020

PAPPA-BARN-HELG 2020


Pappa-barn- helg 2020 Ingen værmelding og ingen koronafrykt klarte å dempe interessen for denne kjekke helga på Kjeldsund som alltid finn stad første helg etter at skulen har starta etter sommarferie. 18 fedre og 32 born var påmeldt og det er artig å sjå at dei som var små for nokre år sidan blir større og større. 


Brettspel og å bygge hytte innandørs med all slags materiale er like populær som før. Utflukt til lagunen er eit must og vi har blitt ein erfaren gjeng når det gjeld å padle kano og kajakk gjennom årene. «Med Jesus i båten» var tema og vi fekk høyre om storm, lunsj til fleire tusen og undervisning frå båt.

Pappa- bandet utviklar seg stadig vidare med Rune, Jan Einar og Christian. Spesielt gledeleg at det blei mange som var med for første gong og med yngre barn igjen – slik at tradisjonen truleg vil kunne halde fram. Dagleg leiar, Ruben, var innom og helste på gjengen og mens vi snakka om at mange born snart er gamle nok til å bli med på padleleir. I tillegg dukka ideen om å ha ein pappatur til Dolsteinhola ein gong opp. 


Vi har allereie byrja å glede oss til neste året!