Stig Børre Holvik Høydal, musikkterapeut, Forandringshuset Oslo
Komitéleiar, takk for invitasjonen til å snakke om KFUK-KFUM Forandringshuset sitt arbeid. Eg heiter Stig Børre Holvik Høydal, og representerer KFUK-KFUM Norge. Vi viser til Opptrappingsplan for barn og unge si psykiske helse, og behovet for målretta, førebyggande program retta mot unge. Vi føreslår å innarbeide eit tilskot på 3 millionar kroner til Forandringshuset si satsing på musikkterapeutar i sitt arbeid, slik at unge kan bruke musikk i større grad som verktøy til å styrke si psykiske helse.
Forandringshuset er eit populært aktivitetshus for ungdom mellom 13 og 26 år, fleire stadar i landet. Vi tilbyr sosiale og kulturelle fritidsaktivitetar, jobbmuligheiter, kurs og gruppetilbod for ungdom. Musikkaktivitet er blant våra viktigaste satsingsområder. Vi er ein aktiv samfunnsaktør for førebygging av utanforskap, helsefremming, samt realisering av Barnekonvensjonen artikkel 31 og Fritidserklæringa. Forandringshuset lykkast med å rekruttere breitt. Vi møter ungdom med gode føresetningar for framtida, og ungdom i risikosona for utanforskap. Nokre lev tett på fattigdom, kriminalitet, vold og rus, eller andre folkehelsemessige utfordringar. Vi veit godt at dette kan ha store negative konsekvensar for barn og unge si psykiske helse og samfunnsdeltaking.
Kvar dag erfarer vi at ungdom brukar musikk til å gi utløp for tankar, følelsar og kreativitet gjennom eigenskrivne tekster som handlar om deira liv og identitet. Kvar dag ser vi at musikk er til trøyst, støtte og styrke for dei fleste. Forandringshuset Grønland har satsa på ein musikkterapeut. Tilbakemeldingane vi får er at måten musikkterapeuten møte, hjelpe, støttar og rettleiar på gjer at Forandringshuset til blir ein føretrekt arena å drive med musikk ved. Utfordringa, komitéleiar, er at vi per no ikkje har økonomiske midlar til å tilsette musikkterapeutar. I dag brukast prosjektmidlar til honorar, noko som ikkje er føreseieleg eller bærekraftig.
Komitéleiar - Når musikk brukast og omtalast av unge som eigenterapi kombinerast med musikkterapeutar som etterstrevar praksisar der musikk både skapar og styrkar god psykisk helse, deltaking og handlemuligheiter, så kan eit tilskot på 3 millionar kroner til satsing på musikkterapeutar ved Forandringshuset vere strategisk og hensiktsmessig når det gjeld Opptrappingsplanen for barn og unge si psykiske helse. Takk.