ikon Min Connect

Barnekorfestival 2022

Er det fleire som er klare for festival? 2.april gjentar vi suksessen og inviterer til Barnekorfestival på Operahuset på Nordfjordeid. Vi skal synge, danse, le og leike ein heil dag! Det blir tivoli- og sirkusstemning i foajeen, drop-in-aktivitetar på myldretorget, eigne aktivitetar for dei eldste barna, kafé for både vaksne og barn. Vi avsluttar dagen med ein konsert i Operasalen. Ingrid Sofie Flaten frå Førde skal dirigere felleskoret og vi gler oss veldig til å synge i stort kor saman med store og små barn frå heile Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Festivalen er for alle barn mellom 4 og 12 år. Dersom du er med i eit kor, melder du deg på til leiaren din koret sender samla påmelding til oss. Du treng ikkje vere med i eit kor for å bli med, men det kan vere lurt å øve litt på songane før festivaldagen. Gi beskjed, så får du tilsendt songane vi skal synge. Velkommen til ein dag med mykje moro og god festivalstemning!
til toppen
Ikon

Vi bruker informasjonskapsler for å samle brukerstatistikk fra nettsiden vår. Statistikken benytter vi for å gjøre brukeropplevelsen på nettsiden bedre. Les mer