Velkomen til årets hausttreff på Nesholmen leirstad. Hausttreff er årets høgdepunkt for ungdom og er ein leir for aldersgruppa 13. - 19. år. Her vert det mykje sosialt, spanande aktivitetar og godt fellesskap.
Vi startar leiren kl. 18.30 fredag og avslutter søndag i 12-tida.
Programmet for helga vert sendt ut til påmeldte ungdomar ca ei veke før leiren startar, men vi kan avsløre at leiren inneheld mykje av dei gode tinga som vi har hatt før. Vi inviterer til ei sosial helg med mange ungdomar frå ulike stadar i Sogn og Fjordane.
Du treng å ha med deg sovepose, laken, putetrekk, toalettsaker, badesaker, kle for å vere ute, godt humør, lommepenger til kiosk.
PRIS:
1250 kr og 100 kr i rabatt viss du er medlem i KFUK KFUM.
1150 kr for deltakar nr. 2 frå same familie. Her og får du 100 kr i rabatt viss du er medlem av KFUK KFUM.
Håper vi sjåast på Nesholmen denne helga.