Bjørgvin bispedøme og KFUK-KFUM Bjørgvin skipar til den aller første felles konfirmantfestivalen i Nordhordland 15.april 2023. Dette blir ein gøy dag med show, forkynning, aktivitetar, nye venner, måltidsfellesskap, sang, musikk og dans.
11:30 Oppmøte og registrering gruppevis
11:30: Lindås, Meland, Radøy
11:40: Knarvik, Austrheim, Fedje, Osterfjorden,
11:50: Gulen, Solund, Masfjorden, Mo
12:00 Opningsshow
13:00 Aktivitetar og snacks (les under om dei ulike aktivitetane)
15:30 Enkel middag
16:30 Avslutningsshow
17:30 Takk for i dag!
Her kan du lese om dei ulike aktivitetane du kan velje mellom. Du vel ein av aktivitetane når du melder deg på (link til påmelding lenger ned på sida).
Dokument med omtale av aktivitetane kan du også lese her
Amazing (G)race er eit alternativt rebusløp som går ut på å oppdage Gud på nye stadar i lokalmiljøet. Bli med på ein konkurranse gjennom Knarvik sentrum.
Ta med: Klede til å vere ute i - sjekk vêrmeldinga. Liten sekk/veske til drikkeflaske og snack-pose.
Arrangør: KFUK-KFUM. Opplegget er utvikla av Sjømannskirken.
Liker du å spele trommer, keys, bassgitar eller gitar? Lyst å lære litt meir om samspel? Då er bandgruppa midt i blinken for deg då du her får mogelegheit til å øve på samspel i band. Band, vokal og felleskor jobbar med same låt, og skal framføre den på avslutningsshowet.
Ta med: Eigen gitar/bassgitar (dersom behov for å låne, ta kontakt på førehand). Trommis tar med eigne trommestikker. Vi stiller med trommesett, piano og forsterkarar.
Arrangør: Sammenteamet
Kriblar det i føtene når du høyrer ein god danselåt? Meld deg på dansegruppa og lær deg nye moves og koreografi. Her vil du få mogelegheit til å lære av andre og ein instruktør, og saman sette opp ein koreografi til ein låt. Dansen framførast under avslutningsshowet.
Ta med: Drikkeflaske, klede som er gode til å bevege seg i (gjerne treningstøy)
Arrangør: KFUK-KFUM
Liker du å synge og synast at kor er gøy? Bli med i festivalen sitt eige felleskor! Her øver vi inn ein låt som vi opptrer med på avlsutningsshowet saman med band og vokalgruppa.
Ta med: Drikkeflaske
Arrangør: Sammenteamet
Er det slik at andre er fattige fordi vi er rike? Kva påverkar rettvis fordeling av ressursar og gode i verda? Korleis kan vi ta betre og meir miljøvennlege val i kvardagen? Kva kan vi gjere for å vere med å skape ei betre verd? Kom og bli med på workshop for å lære meir om klima, rettferd og miljø i kvardagen.
Ta med: Drikkeflaske, skrivebok og penn.
Arrangør: NMSU
Liker du å måle, perle, strikke, scrapbooking, papirbretting eller utfalde deg kreativt på andre måtår, er dette aktiviteten for deg! Her kan du få inspirasjon til ulike hobbyaktivitetar og du treng ingen forkunnskapar for å delta. Vi stiller også med nokre symaskiner slik at dei som har lyst til å prøve seg på å sy eit enkelt handlenett eller liknande kan gjere det.
Ta med: Drkkeflaske. Eige handarbeidsprosjekt dersom du har noko du vil jobbe vidare med. Stoffrestar dersom du ønskjer å sy. Tomt syltetøyglas om du ønskjer å lage decoupage-lyslykt.
Arrangør: KFUK-KFUM og NMSU
Har du både konkurranseinstinkt og lagånd? På denne gruppa får du lære underhaldningskonseptet "Kampkveld"! Dette er ein stor hit på leir. Her får du både innføring i kva kampkveld og får ta del i ein kampkveld. Vi deler inn i lag som konkurrerer mot kvarandre i ulike konkurransar og oppgåver. Kven går av med sigaren og får ein liten premie?
Ta med: Drikkeflaske
Arrangør: KFUK-KFUM
Liker du brettspill? Her har vi ulike brettspill, alt frå kortstokkar, ligretto og uno til Harry Potter, Twister, Ticket to Ride, Fantasi og ein heil del fleire brettspill å velje mellom. Eller har lyst å lære ein ny ringleik eller to som kan vere gøy å leike på neste leir du skal på eller på konfirmantsamlinga? Vil du ha det gøy og moro saman med nye og gamle vennar? Då er dette gruppa for deg.
Ta med: Drikkeflaske og gjerne om du har eit favoritt-brettspill du vil lære bort til nye vennar. Husk å merke med namn.
Arrangør: KFUK-KFUM
Vil du vere aktiv, men sliter med å bestemme deg for kva for ein aktivitet du skal velje? Her tilbyr vi ulike hallaktivitetar som til dømes spikeball, innebandy og kanonball m.m.
Ta med: Innandørs hallsko, treningstøy, drikkeflaske, handduk og såpe.
Arrangør: Student KRIK
Interessert i lyd og lys? Lyst å lære meir om korleis ein skrur lyd og styrer lys for å skape god lyd og god stemning på konsert eller til ei forestilling? Her får du lære av flinke teknikarar som gjerne deler tips, triks og kunnskap.
Ta med: Drikkeflaske
Arrangør: FKU Teknikk
Er du glad i å synge og liker å opptre? Kanskje kunne du tenkt deg å synge solo? På vokalgruppa får du lære litt tips og triks og grunnleggande vokalteknikk. Vi øver på same låt som band og felleskor.
Ta med: Drikkeflaske, penn, headset, mobil og mobillader.
Arrangør: Sammenteamet
Både konfirmantar og leiarar (herunder kyrkjelege tilsette, vaksenleiarar/ foreldre som følgjer gruppa og ungdomsleiarar) skal meldast på.
Det bør vere med ein vaksen pr 8 konfirmantar.
I tillegg kjem det nokre dugnadsoppgåver som vi håper føresette kan hjelpe til med. Føresette som kan stille som brannvakter, måltidsvertar og ryddehjelp melder seg også på ved å bruke link under, på den måten får vi inn kontaktinformasjon til alle som har ei rolle på arrangementet.
For å melde deg på, trykk på det soknet du høyrer til:
For at alle skal ha det bra på festival og oppleve arrangementet som ein trygg felleskap, har vi nokre reglar som gjeld for alle som deltek:
For at festivalen skal verte ei god og trygg oppleving for alle, har vi behov for litt hjelp frå føresette til å vere brannvakter, måltidsvertar og ryddehjelp. Føresette som har høve til å bidra med dugnadsoppgåver melder seg på ved å bruke påmeldingslinken for det soknet som ein har konfirmant i.
Ein kan melde seg til følgjande vakter:
Kl. 11:30-13:00: Brannvakter under opningsshow
Kl.13:30-16:00: Måltidsvertar (Førebu middag og servering)
Kl.15:00-18:00: Servere middag. Opprydding etter middag.
Kl.15:30-18:30: Opprydding og brannvakter under avslutningssamling.
Dersom du er tilgjengeleg gjennom heile dagen og ta fleire vakter, melder du det i påmeldinga.
På førehand takk for hjelpa!
Vi gleder oss til å møte kvar og ein på konfirmantfestivalen! :)