ikon Min Connect

Forestilling med Ten Sing Norway i Arendal 2023

Ten Sing Norway har jobba intenst med årets førestilling, og endeleg er den her! Førestillinga er eit resultat av gruppa sine tankar, følelsar og eigenskapar. Eit mål for oss har vore å lage noko som ikkje har blitt laga før, og vise at Ten Sing kan romme så mykje meir enn korsong, band, dans og drama.

MIDT I - MIDT I DET TRYGGE OG DET UTRYGGE, MIDT I MAKTESLØSHET OG HÅP. HVA GJØR VI?

Ten Sing er ein plass som ikkje byggjer på talent og kompetanse, men heller engasjement og fellesskap. Ungdommens kvalitetar, eigenskapar og visjonar er derfor viktige ressursar som kan skape noko spennande og unikt, som ungdommane kan kalle sitt eige. Dette ønsker vi å vise eit eksempel på.

Ten Sing Norway har eit ønske om å vere nyskapande, tankevekkande og inspirerande. Vi har jobba med forteljekunst, dramaturgi, bevegelse, musikk og tekst. Gjennom prosessen har vi fokusert på gruppa sine styrker, ressursar og enkeltindivida sine eigenskapar. Vi har tatt utgangspunkt i tematikk som engasjerer oss og som vi kan relatere til. I årets førestilling «Midt i», vil du oppleve vinklingar, bilete og inntrykk, som er heilt unike, fordi det er vår gruppe på 11 unike menneske som har laga den.

Vi håper du kjem på førestilling og lar deg inspirere!


Billetter:

Kjøpes i døra.

  • Under 20 år:              kr 70
  • Voksne:                       kr 130
  • Familie-billett:         kr 300

Vi gleder oss kjempe mye til å se dette, og håper mange tar turen til Birkenlund skole denne lørdagskvelden.

Hjertelig velkommen!


til toppen
Ikon

Vi bruker informasjonskapsler for å samle brukerstatistikk fra nettsiden vår. Statistikken benytter vi for å gjøre brukeropplevelsen på nettsiden bedre. Les mer