KFUK-KFUM Møre og Romsdal inviterer til årsmøte!
Krinsen inviterer til årsmøte 23.mars på Sunnmøre Folkehøgskule, med møtestart kl 18.00. Alle som vil er også hjarteleg velkomne til ein felles middag levert av skulen, på skulen, kl 17.00. Det er også lagt opp til at ein skal kunne delta på årsmøtet digitalt. I påmeldingsskjemaet må du altså velge om du skal delta fysisk eller digitalt, og om du vil ha middag. Middag kostar 200,- pr.person.
Uavhengig av kor du deltek frå vil alle sakspapir bli sendt gjennom ei lenke som alle påmelde får på sms.
Valnemnda har mange gode forslag til nye styremedlemmar. Om du sjølv vil stille, eller har gode kandidatar som vil stille til val set vi pris på ei melding (til 99451768). Takk!
Vel møtt!
(Påmeldingsfrist 12.03.23)