Gå til hovedinnhold ikon Min Connect

Grip fyrstikkeska

Namnet på leiken er beskrivande og litt traust, men ikkje avskriv ho for det. "Grip fyrstikkeska” lokkar fram konkurranseinstinktet hos ein kvar og ein kan vinne poeng både ved å nytte hovudet og beina. 

Prinsippet er enkelt. Ein deler deltakarane opp i to lag, med like mange på kvart lag. Alle på laga får nummer i stigande rekkefølge frå ein og vidare oppover. Dei to laga står 14-15 meter frå kvarandre. I midten ligg ei fyrstikkeske oppå ein boks eller ei flaske. Ein leder leiken. 

 Når den som leder leiken ropar opp eit tal, må den personen som har dette talet på kvart lag springe mot fyrstikkeska. Den som først grip fyrstikkeska, må prøve å springe tilbake til sitt lag utan at motstandaren klarer å kome borti vedkommande med fyrstikkeska. For å få poeng må ein komme seg tilbake til sitt lag utan å ha blitt tatt av motstandaren. Om motstandaren klarer å vere borti personen som har fyrstikkeska får motstandaren poeng. 

Første lag til eit gitt antall poeng vinn. Det høyres kanskje litt komplisert ut, men det er det ikkje. Berre høyr kva eit testpanel av ungdomar har sagt om leiken: 

Leiken var veldig morsom faktisk. Først trudde eg at regelen om at ein kan ta på motstandaren når ho eller han har plukka opp fyrstikkeska berre var teit, men det førte faktisk til at det vart litt meir taktikkeri
Oddrun

Leiken er sikkert artigast med mange personar på laga. Då kan dei ulike talla som blir ropt opp skape litt meir forvirring, og konsentrasjon blir ein viktigare faktor for å lykkes.
Ingrid

til toppen
Ikon

Vi bruker informasjonskapsler for å samle brukerstatistikk fra nettsiden vår. Statistikken benytter vi for å gjøre brukeropplevelsen på nettsiden bedre. Les mer